Fredag 28. august signerte Marad Norway, Larsnes Mek. Verksted og Green Yard Kleven ein intensjonsavtale om at Marad Norway skal bygge tankane for sine lukka oppdrettsanlegg hos dei to verfta.
Får Marad Norway begge konsesjonane for lakseoppdrett, som selskapet har søkt om er det snakk om to mindre og ein stor tank, med ein prislapp på 100-150 millionar kroner for kvar av dei små og 150-200 millionar kroner for den store tanken, ifølgje styreleiar og medeigar Glen Bradley i Marad Norway.
Er Marad-anlegga vellukka meiner Bradley det har opna seg ein ny marknad for norske verft.
Utviklingskonsesjons-ordninga blei innført for å stimulere til utvikling av nye metodar og anlegg til å drive oppdrett i. Dei som søkjer får oppdrettskonsesjonar, som ellers kostar dyrt, i bytte mot å investere i ny teknologi og metodar. Lukkast dei er alt vel, mislukkast dei kan utviklingskonsesjonane bli gjort om til vanlege konsesjonar - som eventuelt kan seljast. Ordninga reduserer den økonomiske risikoen ved å satse på å utvikle noko nytt og var så ettertrakta at fleirtalet av dei som søkte fekk nei, mellom dei alle søkjarane frå Møre og Romsdal.
Fiskeridirektoratet, som behandlar søknadane i første omgang, sa også nei til Marad - som klaga på vedtaket.
No ligg klagen til departementet, og håpet frå Marad Norway si side er at intensjonsavtalen med Larsnes Mek. Verksted og Green Yard Kleven skal vere eit ekstra argument for å gi selskapet medhald i klagen.
Selskapet blei etablert i 2016 og alt då ideen blei kjent i 2017 sa selskapet at det vona anlegga kunne byggast i Noreg.
I 2019 gjekk ei investorgruppe med Rostein-direktør Glen Bradley i spissen og Inge Huse på laget inn på eigarsida og blei eigar av 51 prosent av aksjane i Marad Norway.
Like etter kom avslaget frå direktoratet, men Bradley lova at selskapet ikkje ville gi opp forsøket på å få utviklingskonsesjonane.
Får Marad Norway begge konsesjonane for lakseoppdrett, som selskapet har søkt om er det snakk om to mindre og ein stor tank, med ein prislapp på 100-150 millionar kroner for kvar av dei små og 150-200 millionar kroner for den store tanken, ifølgje styreleiar og medeigar Glen Bradley i Marad Norway.
Er Marad-anlegga vellukka meiner Bradley det har opna seg ein ny marknad for norske verft.
Må få løyve
Bradley legg ikkje skjul på at eitt av poenga med intensjonsavtalen er å vise fram positive konsekvensar av at Marad Norway får utviklingskonsesjonane.Utviklingskonsesjons-ordninga blei innført for å stimulere til utvikling av nye metodar og anlegg til å drive oppdrett i. Dei som søkjer får oppdrettskonsesjonar, som ellers kostar dyrt, i bytte mot å investere i ny teknologi og metodar. Lukkast dei er alt vel, mislukkast dei kan utviklingskonsesjonane bli gjort om til vanlege konsesjonar - som eventuelt kan seljast. Ordninga reduserer den økonomiske risikoen ved å satse på å utvikle noko nytt og var så ettertrakta at fleirtalet av dei som søkte fekk nei, mellom dei alle søkjarane frå Møre og Romsdal.
Fiskeridirektoratet, som behandlar søknadane i første omgang, sa også nei til Marad - som klaga på vedtaket.
No ligg klagen til departementet, og håpet frå Marad Norway si side er at intensjonsavtalen med Larsnes Mek. Verksted og Green Yard Kleven skal vere eit ekstra argument for å gi selskapet medhald i klagen.
Tankar i stål
Ideen til Marad Norway er å bygge lukka oppdrettsanlegg i tankar i stål som flyt i sjøen.Selskapet blei etablert i 2016 og alt då ideen blei kjent i 2017 sa selskapet at det vona anlegga kunne byggast i Noreg.
I 2019 gjekk ei investorgruppe med Rostein-direktør Glen Bradley i spissen og Inge Huse på laget inn på eigarsida og blei eigar av 51 prosent av aksjane i Marad Norway.
Like etter kom avslaget frå direktoratet, men Bradley lova at selskapet ikkje ville gi opp forsøket på å få utviklingskonsesjonane.
Publisert: 31.08.2020 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02