Gamle Oksøy Wikimedia Commons
JUBILEUMSTOKT: 29 mai startar Gamle Oksøy på tokt for å markere lostenestas 300 årsjubileum. Foto: Wikimedia Commons.
Nytt

Losfeiring i fem hamner i nordvest

Fem hamner i nordvest får besøk når museumsfartøyet Gamle Oksøy legg ut på tokt for å markere losens 300-årsjubileum.

14.05.2021

Under lostenestas 300-årsjubileum, LOS300, skal Gamle Oksøy inn om totalt 35 hamner under eit tokt som startar i Vardø 29. mai og vert avslutta i Øygarden utanfor Bergen 30. august.

På Norvestlandet har Gamle Oksøy følgjande stopp:

16. juni: Fosnavåg
17. juni: Ålesund
18. juni: Volda
19. juni: Nordfjordeid
20. juni: Kalvåg

Alle stader vert det konsert og utstilling.

Det opplyser Kystverket på si heimeside.

- Viktig under epidemien
Det er Kystverket og Kystverksmusea som står bak seglasen, i samarbeid med en rekke lokale kystlag, kommunar og frivillige organisasjonar.

Totalt er det i dag i arbeid rundt 300 losar.

Losdirektør Erik Blom i Kystverket viser til at heile 90 prosent av eksport og import i Norge går sjøvegen.

- Skipstrafikken er dermed viktig for å sikre forsyningane både til industrien og folket eller.

- Det siste året har losane hatt ei viktig rolle for å sikre forsyningar til Norge gjennom covid-19 epidemien.

Det siste året har losane hatt ei viktig rolle for å sikre forsyningar til Norge gjennom covid-19 epidemien
Erik Blom

59 år gamal losbåt
Gamle Oksøy er eit tidlegare forsyningsskip i Kystverket. Fartøyet er no verna og eigd av Lindesnes Fyrmuseum. Under tenesta i Kystverket var namnet Oksøy. Skipet ligg til dagleg ved Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter, men har sidan 2014 vore eigd av Lindesnes Fyrmuseum.

Oksøy vart bygd hos Brødr. Lothe i Haugesund for Kystverket, i 1962. Båten er 41,4 meter lang, 7,42 meter brei og vart brukt til å transportere av parafin og gass til fyrlykter, og var registrert som tankskip. Marsjfarta er på elleve knop.

Etter kvart som fyrlyktene vart ombygde til solceller og batteridrift, vart det mindre bruk for båten.

Publisert: 14.05.2021 13:00

Sist oppdatert: 14.05.2021 12:31

Mer om