Lova 170 arbeidsplassar det vert berre 110
NAUSTDAL: Gruvedrifta ved Førdefjorden i Naustdal er omstridd. No vert det færre tilsette.
Nytt

Lova 170 arbeidsplassar - det vert berre 110

Gruvedrifta til selskapet Nordic Mining i Engebøfjellet i Naustdal vil truleg gje 60 færre arbeidsplassar enn først varsla.

03.01.2018
NPK: Samtidig kan levetida bli 21 år kortare. Det vekkjer reaksjonar.
– Endringane gjer at dei samfunnsmessige fordelane blir vesentleg endra, seier medlem av formannskapet i kommunen og leiar i Naustdal SV, Åsmund Berthelsen, til
Han peikar på at omsynet til arbeidsplassar og verdiskaping var avgjerande då Miljødirektoratet opna for det omstridde sjødeponiet og sa ja til å gje Engebøgruva utsleppsløyve.

Levetida redusert til 29 år

I ein ny rapport som blei lagt fram før jul, kom det derimot fram at det no ligg an til å bli 110 arbeidsplassar i staden for 170.
Tidlegare har det også kome fram at levetida til anlegget kan bli redusert frå 50 år til 29 år.
Dei nye opplysningane gjer at Naustdal SV no vil senda brev til Miljødirektoratet og be om ei ny vurdering.

Ikkje uroa

Dei nye opplysningane uroar derimot ikkje verken ordføraren eller rådmannen i Naustdal.
– Det er ikkje gitt at verdiskapinga og samfunnsøkonomien i gruveprosjektet har blitt forringa, seier rådmann Øyvind Bang-Olsen.

Publisert: 03.01.2018 15:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17