Lovar meir gaaver fraa banken
PUBLIKUMSFRIERI: Sparebank1 SMNs nye toppsjef, Jan Frode Janson, frir til sunnmøringane og krydrar frieriet med  løfte om å dele ut meir pengar for å bygge samfunnet.
Nytt

Lovar meir gåver frå banken

Sparebank1 SMN vil auke samfunnsutbyttet vesentleg, lovar den nye toppsjefen, Jan-Frode Janson.

13.06.2019
Janson har tatt over sjefstolen i Sparebank1 SMN etter Finn Haugan. I dag er han på bankens årlege næringslivskonferanse i Ålesund - Næringsdriv - for første gang.
Han starta med eit solid publikumsfrieri. Janson har vore på rundereise i bankens område, og avsluttar med å besøke Sunnmøre:
- Det er ikkje tilfeldig, det er for å sikre stigning i programmet, sa Janson.
Han følgde opp med å fortelje at banken i år vil betale ut 80 millionar kroner i samfunnsutbytte, pengar som går til alt frå idrettslag og kultur til utdanning og utvikling.
-Det beløpet kan kome til å auke kraftig, sa Janson og inviterte alle i salen på konferansen til å kome med framlegg til korleis banken skal bruke dei ekstra pengane som skal delast ut.

Ventar betre resultat

Det er to grunnar til at banken ventar å betale ut meir i samfunnsutbytte seier Janson til NETT NO etter innlegget sitt.
Den eine er at banken ventar auka overskot framover, som gir grunnlag for auka utbyttebetaling. Den andre er at banken også vil auke andelen av overskotet som går til samfunnsutbytte.
Som sparebank er Sparebank1 SMN delvis sjølveigd, delvis eigd av grunnfondsbeviseigarar. Utbyttet blir fordelt mellom grunnfondsbeviseigarane og banken som sjølveigande institusjon. Den siste delen blir enten delt ut til ulike gode formål (samfunnsutbytte) eller sett av i fond. Det Janson seier er at andelen som blir delt ut som samfunnsutbytte framover blir større en den delen som blir sett av til fond.

Utvikle samfunn

Banken kjem til å halde fram utdelingane til tradisjonelle formål, som idrettslag og kulturformål, men auken i utbetalingane vil blir retta mot samfunnsutviklingstiltak og større prosjekt, i følgje Janson.
Det handlar om tiltak retta mot unge, og blant anna bidra til rekruttering og å gjere region og bedrifter attraktive, tiltak for å knytte saman akademia og næringsliv og å utvikle møteplassar.

Publisert: 13.06.2019 10:21

Sist oppdatert: 17.02.2021 09:28