Lovar vidare vekst
KONSOLIDERING: Arild Bødal i Stryn eig 6,9 prosent i Norva 24-konsernet. Saman med Sandbakk-familien i Stryn var han ei av inititativtakarane til etalberinga av konsernet.
Nytt

Lovar vidare vekst

Norva24-konsernet nesten dobla driftsinntektene i fjor. Det kosta.

26.06.2018
- 2017 var eit svært ekspansivt år for konsernet. Vi er marknadsleiande både i Noreg og Danmark og har ein betydeleg posisjon i Sør-Sverige, seier konsernsjef Henrik Damgaard i vatn- og avløpsanleggserviceselskapet Norva 24.
Men veksten kostar, konsernet fekk eit underskot før skatt på 22,1 millionar kroner i 2017.
Resultatet i fjor er prega eingangskostnadar i samband med ekspansjonen, i følgje Damgaard.

Kjøp i Danmark og Sverige

- Vår bransje var overmoden for konsolidering, sa Arild Bødal, medeigar, styremedlem og forretningsutviklar i Norva 24 til NETT NO i fjor.

Saman med Birkeland-familien i Gulen og Sandbakk-familien i Stryn bygde Bødal opp Septik 24 til eit selskap med ein kvart milliard kroner i driftsinntekter, og hovudkontor i Stryn. Dei gjekk i kompaniskap med det svenske investeringsfondet Valedo for å sette ideen om ei konsolidering ut ut i livet.
Resultatet blei Norva 24-konsernet, som har fusjonert in ei rekkje norske selskap i same bransje.
I 2017 tok Norva 24 steget inn i Danmark, med kjøpet av ISS Kloakk- & Industriservice og Risskov Kloakservice. I Sverige kjøpte konsernet Söderlindh AB.
Driftsinntektene i 2017 fordelte seg slik mellom dei tre landa Norva24 er etablert i; Noreg 628 millionar, Danmark 244 millionar og Sverige 30 millionar kroner.

Skal vekse

Vekstperioden er ikkje over etter dei store oppkjøpa i fjor.
- Vi vil fortsatt vere ekspansive, seier Damgaard.
Målet i år et å passere ein milliard kroner i driftsinntekter.
Damgaard-Hansen blei tilsett som konsernsjef 1. mars i år og har Oslo som base. Der sit og finansdirektøren, medan store deler av administrasjonen ellers har kontor i Stryn.

Valedo størst

Valedo-fondet Valdeo Partners Fund II AB eig 52,5 prosent av Norva24.
To Stryn-selskap, AHB Invest (Arild Bødal) og Isco (Kristina, Ivar Loen, Malvin og Jan Erik Sandbakk) eig 6,9 prosent kvar i konsernet. Like stor aksjepost har og JKT Birkeland Invest (Johnny Birkeland og familie) i Gulen.

Septik- og avfallshandtering

Norva 24 driv på fleire felt:
Innsamling, transport og behandling av slam frå private septiktankar, kommunale kloakkrenseanlegg og renseanlegganlegg.
Vedlikehald og inspeksjon av kommunale vass-og avløpsanlegg, kummer og anna infrastruktur knytta til eigedom, vegar og næringsbygg og -areal. Det omfattar mellom anna spyling og kamerainspeksjon av alle typar ledningsnett, tøming og kontroll av ulike kummar, kloring og trykkprøving av ledningsnett, tøming av sandfang, vegkummar og feittavskillarar.
Tømming og rensing av blant anna skipstankar og tankar og rør på fleire industri- og raffinerianlegg, mellom andre Mongstadraffineriet.
Deler av innsamla biologisk/organisk materiale som Norva 24 tek seg av blir bearbeidd på eige anlegg, anna blir frakta og levert til andre bearbeidingsanlegg.

Publisert: 26.06.2018 13:25

Sist oppdatert: 18.11.2021 10:11

Mer om