Luggen
ÅRETS LÆREBEDRIFT: Frå venstre Torild Lyngstad (eigar og gründer), Mona L. Hanssen (butikkleiar Luggen avd. Moa og fagleg ansvarleg lærlingar), Jannicke L. Mordal (dagleg leiar). Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Nytt

Frisør er årets lærebedrift

Sidan starten har Luggen Hårstudio hatt over 100 lærlingar. Det vert sett pris på.

23.03.2022

Av 62 nominerte, blei Luggen Hårstudio i Molde kåra til Årets lærebedrift 2021 i Møre og Romsdal. Luggen har avdeling i alle dei tre byane i fylket, og får prisen for det store fokuset dei har på å legge til rette for eit godt lærlings- og arbeidsmiljø på alle sine avdelingar.

- I år blei det mange gode kandidatar og sterk konkurranse om den gjeve prisen, men Luggen Hårstudio merkte seg ut, seier Elin Ous, leiar i Yrkesopplæringsnemnda i Møre og Romsdal fylkeskommune, som stod for tildelinga, i ei pressemelding.

Yrkesopplæringsnemnda grunngir valet med at Luggen har bygd opp eit godt kvalitetssystem med planar kvar veke og felles kurs for lærlingane. I tillegg har dei eit stort fokus på å gi lærlingane den beste utdanninga.

Over 100 lærlingar
Luggen har vore godkjend lærebedrift i frisørfaget sidan 1990-talet. Dei har sidan 1987 hatt over 100 lærlingar. Bedrifta har ekspandert dei siste åra, og har i dag fem avdelingar i Møre og Romsdal. I 2020 og 2021 har 16 lærlingar gått opp til sveineprøve i bedrifta. Alle bestod, fem av dei med beste resultat.

- Vi er stolte og fantastisk glade! Å utdanne framtidige lærlingar er ein av grunnpilarane til Luggen, og vi er ein stor gjeng som står bak. Tusen takk for utmerkinga, det betyr mykje for oss, seier Jannicke Lyngstad Mordal, dagleg leiar i Luggen Hårstudio, i pressemeldinga.

- At lokale bedrifter tar inn lærlingar og blir ei lærebedrift, er heilt essensielt i opplæringa av nye fagarbeidarar. Meir enn nokon gong treng vi at bedrifter tar eit slikt samfunnsansvar. Med denne prisen ønsker vi å løfte dei opp, gi dei eit kvalitetsstempel og inspirere andre bedrifter til å bli lærebedrifter, seier seksjonsleiar Bjørnar Loe, i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Meir enn nokon gong treng vi at bedrifter tar eit slikt samfunnsansvar
Bjørnar Loe

Fleire krav
For å bli Årets lærebedrift, må bedrifta:

  • vere godkjent lærebedrift i Møre og Romsdal og har lærling eller lærekandidat.
  • ha ei positiv utvikling i talet på lærekontraktar eller stabil høg lærlingtettheit over tid.
  • legge til rette for eit godt læring- og arbeidsmiljø.
  • ha høg gjennomføringsgrad for lærlingar og lærekandidatar og få hevingar.
  • kvalitetssikre læreforholdet gjennom dokumentasjon.

Ifølgje Brønnøysundregistra omsette Luggen Hårstudio for 20,3 millionar kroner i 2020, og hadde eit resultat før skatt på 2,3 millionar.

Selskapet stod då oppført med 38 tilsette.

Eigarar er Torild Solbakken Lyngstad og Jannicke Lyngstad Mordal, begge frå Molde.

Publisert: 23.03.2022 15:11

Sist oppdatert: 23.03.2022 23:55

Mer om