Lukkast med moebelklassikar
BLEI VIKTIGASTE PRODUKT: Per Arne Sæter og Falcon-stolen under relanseringa på Designer Saturday i 2018.
Nytt

Lukkast med møbelklassikar

I 2018 relanserte Per Arne Sæter i Vatne Møbler Falcon-stolen. Det blei suksess.

22.06.2020
- Det er absolutt det viktigaste produktet vårt, både når det gjeld omsetning og lønsemd, seier Per Arne Sæter om Falcon-stolen.
Sæter er største aksjonær og dagleg leiar i Vatne Møbler på Vatne. I dag er det ei bedrift med fire personar på lønningslista, men med ei lang historie - i fjor også med eit svært godt resultat. (Sjå tabell. På mobil finn du tabellen nederst på sida)

Starta selskapet på nytt

Sæter var med og starta Vatne Møbler på nytt i 2003, etter at det forsvann ut av soga etter at Stokke-konsernet kjøpte selskapet i 1989.
Etter finanskrisa i 2007/2008 vart heile selskapet lagt på is i eitt år, før Sæter og kompanjongane tok fatt på ny i 2010.
Under arrangementet Designer Saturday i Oslo i 2018 relanserte han Falcon-stolen, som Vatne Møbler produserte frå 1971 til 1997.

Største kunde i Australia

Falcon-stolen blei ein kommersiell suksess då den kom på marknaden i 1971. I løpet av tre år etter lanseringa hadde Vatne Møbler auka salet frå rundt 10 til rundt 35 millionar kroner.
Stolen blei også anerkjent som eit stil-ikon og planen med relanseringa i 2018 var mellom anna at stolen skulle opne dørene til eit større forhandlarnett for Vatne Møbler. I dag sel selskapet til forhandlarar både i Sverige og Danmark, og den største einskildkunden er i Australia.

Publisert: 22.06.2020 09:48

Sist oppdatert: 03.05.2021 09:45