Luseskjoert gjennombrot for Selstad
SKJØRT-LEVERANSE: Leder for oppdrettsutstyrsmarknadne i Selstad, Børre Waagan, og leder for Svolvær-avdelinga, Steinar Hansen, skal levere rundt 30 luseskjørt til Eidsfjord Sjøfarm.
Nytt

Luseskjørt-gjennombrot for Selstad

I fjor kom Selstad-konsernet ut i marknaden med sine første luseskjørt. No har selskapet fått sin hittil største luseskjørt-kontrakt.

19.02.2019
Fiskeri- og oppdrettsutstyrsleverandøren Selstad, med hovudkontor i Måløy, skal levere rundt 30 luseskjørt til oppdrettselskapet Eidsfjord Sjøfarm.
Det er den største luseskjørt-kontrakten Selstad har inngått så langt, i følgje Steinar Hansen, leiar for oppdrettsutstyr ved Selstad-avdelinga i Svolvær.
Selstad lanserte luseskjørta sine under Aquanor-messa i Trondheim i 2017. Då sa Selstadsjef Hans Petter Selstad at forhåpninga var at luseskjørt etterkvart kunne utgjere fem-ti prosent av inntektene til konsernet.

Luseskjørt er eit presenningprodukt som blir senka i sjøen for å verne oppdrettsanlegga mot lakseluslarvar som kjem drivande.
I Sør-Noreg er pr. i dag lite i bruk, men i Nord-Noreg er luseskjørta vanleg.

Publisert: 19.02.2019 16:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31