Lene Trude Solheim NHO regionkronf 2025 foto Ogne
LYSARE UTSIKTER: Regiondirektør Lene Trude Solheim i NHO Møre og Romsdal har ein medlemsmasse som er litt over landsgjennomsnittet optimistisk til marknadsutsikten dei neste seks månadane, viser NHO-undersøkjing. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Lysare utsikter i næringslivet

Bedriftene i Møre og Romsdal ser litt lysare på marknadsutsiktene enn landsgjennomsnittet.

07.02.2025

(NPK-NTB-Steinar Schjetne/Nett No): NHOs medlemsbedrifter lèt seg tilsynelatande ikkje skremme av at Donald Trump har vorte president i USA. Dei oppgir at marknadsutsiktene er stadig lysare.

For første gong på to og eit halvt år er det ei overvekt av optimistar blant NHO-bedriftene. Medlemsundersøkinga er teken opp etter at Donald Trump vart innsett som president i USA – og ikkje minst etter at han innleidde handelskrigen med Canada, Mexico og Kina.

– Dette kan ha påverka resultata. I kva grad, veit vi ikkje, sidan vi ikkje har spurt eksplisitt om dette, understrekar sjeføkonom Øystein Dørum.

  • 18 prosent av dei 3385 bedriftene som har delteke, ventar ein svakare marknadssituasjon dei neste seks månadene. Det er same andel som i Møre og Romsdal.
     
  • 21 prosent ventar at marknadssituasjonen skal forbetre seg i perioden. I Møre og Romsdal er andelen 22 prosent. 60 prosent av bedriftene ventar ingen endring. I Møre og Romsdal er andelen 58 prosent. 
     
  • Overvekta av optimistar på landsbasis er på to prosent, opp frå ei tilsvarande overvekt av pessimistar i januarundersøkinga.
     
  • Det er første gong sidan sommaren 2022 at nettoutsiktene har vore positive.

Sjømat-bedriftene pessimistiske
Noreg har relativt liten eksport til USA, samanlikna med den europeiske marknaden, men amerikanarane utgjer likevel den nest største eksportmarknaden for norske varer utanfor EU.

Dei siste par åra har Noregs eksportverdi til USA lege på rundt 60 milliardar kroner, eller 3 prosent av den totale vareeksporten. Amerikanarane kjøpte norsk laks for 10 milliardar kroner i fjor – dobbelt så mykje som i 2019, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).

Rett nok trekkjer bedriftene i Sjømat Norge den samla vurderinga av framtidsutsiktene ned, men også her er optimismen på frammarsj, i den forstand at det var fleire pessimistar i januar-undersøkinga.

Det er bedriftene i teknologibransjen, bilbransjen og reiseliv som oppgir å ha største tru på marknadssituasjonen det kommande halvåret. Byggjenæringa dominerer endå ein gong blant dei som ser mørkast på framtida, saman med bedrifter innanfor helse, velferd og oppvekst.

Lågare overvekt av positive
Saman med finans og offshore toppar sjømatbedriftene lista over næringane som opplever marknadssituasjonen akkurat no som positiv. Det er berre byggjenæringa, logistikk og transport som går i minus.

  • 25 prosent av deltakarbedriftene opplever marknadssituasjonen som god.
     
  • 22 prosent av dei seier han er dårleg.
     
  • Overvekta av bedrifter som ser positivt på nosituasjonen har falle frå 6 prosent i januar til 3 prosent i februar.

– Dette er lågt, og med litt brei pensel har nosituasjonen vore om lag på dette nivået i over to år, skriv Dørum i ein e-post.

* 13 av 15 landsforeiningar har nosituasjonen på plussida, men 12 av 15 oppgir han som svakare no enn førre månad.

Publisert: 07.02.2025 11:11

Sist oppdatert: 07.02.2025 16:47

Mer om