Trond Teigene foto Sparebanken Sogn og Fjordane
MEIR FORSIKTIGE: Sparebanken Sogn og Fjordane-sjef Trond Teigene sine kundar i næringslivet har blitt meir forsiktig med å ta opp lån. Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane.
Nytt

Lånebrems i Sogn og Fjordane

Sparebanken Sogn og Fjordane låner ut mindre til næringslivet.

02.05.2024

Utlån til næringslivet har falle med 0,9 prosent siste 12 månadane, og 2,5 prosent hittil i år, fortel Sparebanken Sogn og Fjordane i kvartalsrapporten for 1. kvartal.

Les børsmelding her

"Banken ser ein litt fallande aktivitet og reduksjon i investeringane på BM (bedriftsmarknaden, red. merk) som følgje av den høge veksten i kostnader. Enkelte bransjar, og då særskilt bygg og anlegg, merkar fall i etterspurnaden.", skriv banken i kvartalsrapporten.

Utlån til bedriftsmarknaden utgjer 23,7 prosent av banken sine samla utlån.

Avtakande utlånsvekst til private
Utlånsvekst til privatkundar på 4,9 prosent gjorde at banken likevel fekk ein utlånsvekst på 3,4 prosent i siste 12-månadarsperiode.

Men også privatkundar har blitt meir atterhaldne. Hittil i har utlån til privatkundar auka med 0,8 prosent. Til saman er utlån ved utgangen av 1.kvartal like stor som ved starten av året.

"Utsiktene har blitt meir usikre det siste året pga. sterk renteoppgang og høg generell prisstigning. Kundane til banken har eit bra utgangspunkt for å takle auka renter og høgare prisar. Nivået på misleghaldne lån har auka, men er framleis på eit relativt lågt nivå.", skriv banken i kvartalsrapporten.

Vekst for Sparebanken Møre
Sparebanken Møre sin kvartalsrapport for 1. kvartal 2024 fortel om ein vekst i utlån til næringslivet på 9,9 prosent i siste 12-månadarsperiode.

Det var ein auke samallikna med utløpet av 2023, då Sparebanken Møre sin utlånsveket til bedriftsmarknaden var 9,2 prosent i siste 12-månadarsperiode.

Sparebanken Sogn og Fjordane

1. kvartal. I mill. kroner

20242023
Inntekt453401
Resultat før tap296274
Resultat før skatt306278

Publisert: 02.05.2024 08:08

Sist oppdatert: 02.05.2024 08:08

Mer om