- No får nesten alle tilbod om jobb når dei får fagbrevet sitt, seier opplæringskonsulent Bjørn-Ove Aaland i Opplæringskontoret i Haram.
Opplæringskontoret er ein medlemsorganisasjon med cirka 40 medlemsbedrifter og arbeider med rekruttering av lærlingar til bedrifter og offentleg sektor i Haram.
I dag har kontoret utplassert cirka 85 lærlingar i industribedrifter. Læretida er to år og rundt 40 av lærlingane er utplassert i år.
I tillegg var det ei hjelp at det frå hausten 2016 vart oppretta eit tilbod på Haram Vidaregåande skule for elevar som ikkje fekk lærlingplass. Dei kunne ta læretida si på skulen i løpet av eitt skuleår i staden for å vere ute i ei bedrift.
2016 var også det striaste året, sett frå lærlingane si side, fordi det var vanskeleg å få arbeid etter læretida.
I dag er situasjonen slik at bedriftene kunne tatt inn fleire lærlingar om det var fleire å ta av, seier Aaland.
Opplæringskontoret er ein medlemsorganisasjon med cirka 40 medlemsbedrifter og arbeider med rekruttering av lærlingar til bedrifter og offentleg sektor i Haram.
I dag har kontoret utplassert cirka 85 lærlingar i industribedrifter. Læretida er to år og rundt 40 av lærlingane er utplassert i år.
God aktivitet
Næringslivet i Haram har vore flinke til å halde oppe tilbodet av lærlingplassar etter at verknaden av oljeprisfallet i 2014 slo inn hos skipsverft og utstyrsleverandørar, etter Aaland si vurdering.I tillegg var det ei hjelp at det frå hausten 2016 vart oppretta eit tilbod på Haram Vidaregåande skule for elevar som ikkje fekk lærlingplass. Dei kunne ta læretida si på skulen i løpet av eitt skuleår i staden for å vere ute i ei bedrift.
2016 var også det striaste året, sett frå lærlingane si side, fordi det var vanskeleg å få arbeid etter læretida.
Kunne ta inn fleire
Næringslivet i Haram er prega av fleire større bedrifter, med Vard og Rolls-Royce i spissen. Målt i antal lærlingar er Vard den største bedrifta og Vard har også byrja å tilsette folk etterkvart som verfta får skrog til utrustning.I dag er situasjonen slik at bedriftene kunne tatt inn fleire lærlingar om det var fleire å ta av, seier Aaland.
Publisert: 07.06.2020 10:52
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26