Lønsame koronaår
Koronaåra gav både Quality Hotel Waterfront og Quality Hotel Ålesund eit markert oppsving i lønsemda.
- Det er omstillingsevne i verdensklasse, seier dagleg leiar Aina Aalen Bjerkvik i Hotel Ålesund om handteringa av koronapandemien.
Ved årsskiftet gjekk ho frå leiarjobben i Quality Hotel Ålesund til leiarjobben i Quality Hotel Waterfront. Dei to hotellselskapa er ein del av Petter Stordalens hotellkonsern Strawberry Hospitality Group.
I tillegg til felles eigarskap hadde dei ei sammanfallande utvikling då koronapandemien kom.
Lønsemda gjekk opp.
Quality Hotel Waterfront hadde 0,7 millionar kroner i resultat før skatt i 2019. I 2022 og 2020 var resultatet før skatt høvesvis 9,8 og 10,5 millionar kroner.
Qality Hotel Ålesund hadde 1,3 millionar kroner i resultat før skatt i 2019, og fem millionar i resultat før skatt i både 2020 og 2021.
Karantenehotell
Waterfront hadde ein avtale om å vere karantenehotell for Giske kommune og vart i tillegg brukt som karantenehotell for skipsmannskap fortel Aalen Bjerkvik. Quality Hotel hadde ein avtale med Subsea 7 sin spolebase på Vigra. Begge deler gav inntekter til hotella som kompenserte for færre ordinære kundar.
I koronatida var også bemanninga redusert.
Aalen Bjerkvik meiner hotella har lært noko av handteringa av koronatida som vil sitte igjen framover.
- Vi lærte at mindre folk ikkje treng å gi dårlegare service og vi lærte å finne nye inntekter. Men det har også kosta, vi har mista mange folk på vegen, seier ho.
Regna vekk
Etter første halvår i år var driftsinntektene til Quality Hotel Waterfront høgare enn i første halvår i fjor. Men regnet i juli skremde norske turistar vekk og SAS-streiken slo også negativt ut.
Inntektsveksten i høve til fjoråret regna rett og slett vekk i juli, men per i dag er Aalen Bjerkvik tilbake på 2021-nivået og seier utsiktene er gode for hausten.
Med koronapandemien vonlegvis bak oss aukar Aalen Bjerkvik bemanninga. I tillegg kjem lønsauke og markert kostnadsauke mat og andre innsatsfaktorer. Det gjer at Aalen Bjerkvik seier overskotet i år ikkje blir på 2020/2021-nivå.
Hotel Ålesund as | ||
(Quality Hotel Waterfront) | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 63,7 | 56,1 |
Driftsresultat | 10,0 | 10,7 |
Resultat før skatt | 9,8 | 10,5 |
Sbg 7 Drift as | ||
(Quality Hotel Ålesund) | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 42,1 | 39,6 |
Driftsresultat | 5,1 | 5,2 |
Resultat før skatt | 5,0 | 5,0 |
Publisert: 15.08.2022 13:11
Sist oppdatert: 16.08.2022 09:13