Maaloey faar smartby stoette
SMARTARE BY: Treårig prosjekt skal gjere Måløy til ein betre stad å bu. 
Nytt

Måløy får smartby-støtte

1,45 millionar skal gjere Måløy smartare.

04.06.2020
Vestland fylkeskommuen gir Måløy Vekst 1,45 millionar kroner i støtte til prosjektet Smartby Måløy, skriv næringsorganisasjonenMåløy Vekst i ei pressemelding.
SmartBy Måløy er eit 3-årig samfunns- og utviklingsprosjekt i regi av Måløy Vekst, i samarbeid med Kinn kommune. Begrepet smarte byar og samfunn tek utgangspunkt i innbyggjarane sine behov, og tek i bruk digital teknologi og innovative metodar for å gjere samfunnet betre å bu, leve og jobbe i, i følgje pressemeldinga.
- For eksempel vurderer vi no heilt konkrete tiltak innan transport og mobilitet, som skal bidra til at det vert lettare og betre å bevege seg rundt. Dette kan vere for eksempel betra kollektivtilbod i og rundt sentrum, betra ladeinfrastruktur for elbilar, eller utleige av elsyklar. Dette er heilt konkrete tiltak vi jobber med no, seier Frank Willy Djuvik i Måløy Vekst.
Styringsgruppa for prosjektet består av representantar frå både Kinn kommune, Nordfjord Havn, Sætren, Local Host og Videonor.

Publisert: 04.06.2020 17:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58