
Inntektene stupte for Møbeltre
Ein tredjepart av dei tilsette har mista jobben.
- Det har vore krevande. Det er ikkje tvil om det. Vi har vore gjennom fleire nedbemanningsrundar, så det har vore tøffe tak, seier dagleg leiar og hovudaksjonær Håvar Tandstad i bedriftene Møbeltre og Stjernemadrassen i Sykkylven.
Det i Møbeltre smellen kom på inntektssida.
Selskapet lagar delar til møbelfabrikkane og innreiingar til selskap som leverer innreingar til kontorbygg.
I begge marknaden har etterspørselen falle, og nedturen starta for eitt og eit halvt år sidan, etter ein boom under koronapandemien.
Færre folk
Konsekvensen av at kundane kjøper mindre er at arbeidsstokken i dei to selskap har krympa frå omlag 33 personer på topp til omlag 22 no.
Så langt har 2024 vore litt betre enn 2023 var på same tidspunkt..
- No har det vore såpass roleg at vi får håpe at det snur att, seier Tandstad.
Kostnadskarusell
Råvarene Møbeltre og Stjernemadrassen treng til sin produksjons har også blitt dyrare.
-Kostnadskarusellen har ikkje stoppa opp. Varekjøp er krevande, seier Tandstad.
Samstundes har selskapa kutta eigne kostandar, og står sterkare rusta i ein opptur, ifølgje Tandstad.
Møbeltre as | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 24,3 | 32,6 |
Driftsresultat | 0,5 | 1,8 |
Resultat før skatt | 0,4 | 1,7 |
Stjernemadrassen as | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 9,1 | 8,4 |
Driftsresultat | 0,1 | 0,05 |
Resultat før skatt | -0,3 | -0,2 |
Publisert: 06.06.2024 09:01
Sist oppdatert: 06.06.2024 09:02