NETT NO/NPK-NTB: Koronakrisa gjer at nær tre av fire kommunar vurderer kutt når kommunebudsjettet skal reviderast, ifølgje ei undersøking. Blant dei er Volda kommune, som skal har framlegg til revidert budsjett opp i formannskapsmøte 9. juni.
- Eg reknar heilt sikkert med at det vert vurdert kutt der det vert mogleg, seier ordfører Sølvi Dimmen i Volda.
Store investeringsbehov gjer at kommune alt har jakta på innsparingar, og koronaepidemine, uvissa om skattlegging av oppdrettselskap og striden om aksjutbytte i Tussa forsterkar behovet, i følgje Dimmen.
I undersøkinga som Sentio har gjort for Kommunal Rapport, svarar 72 prosent av dei 419 spurde ordførarane og kommunaldirektørane at kommunen deira vurderer kutt.
Det er i Møre og Romsdal (84 prosent), Oslo og Viken (78 prosent) at flest kommunar vurderer kutt. Deretter følgjer Trøndelag, Innlandet, Troms og Finnmark.
Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) seier til Kommunal Rapport at han forstår ordførarane og uroa frå kommunaldirektørane, men at regjeringa skal stille opp.
Sentio-undersøkinga vart gjennomført i perioden 29. april til 12. mai, altså før regjeringa la fram revidert nasjonalbudsjett.
- Eg reknar heilt sikkert med at det vert vurdert kutt der det vert mogleg, seier ordfører Sølvi Dimmen i Volda.
Store investeringsbehov gjer at kommune alt har jakta på innsparingar, og koronaepidemine, uvissa om skattlegging av oppdrettselskap og striden om aksjutbytte i Tussa forsterkar behovet, i følgje Dimmen.
I undersøkinga som Sentio har gjort for Kommunal Rapport, svarar 72 prosent av dei 419 spurde ordførarane og kommunaldirektørane at kommunen deira vurderer kutt.
Det er i Møre og Romsdal (84 prosent), Oslo og Viken (78 prosent) at flest kommunar vurderer kutt. Deretter følgjer Trøndelag, Innlandet, Troms og Finnmark.
Ber om koronadekning
Styreleiar Bjørn Arild Gram i KS er ikkje overraska over tala og viser til at mange kommunar opplevde økonomien som vanskeleg allereie før koronakrisa. Han meiner at styresmaktene må kome med ein tydeleg bodskap om at kommunane får dekt alle koronautgiftene sine.Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) seier til Kommunal Rapport at han forstår ordførarane og uroa frå kommunaldirektørane, men at regjeringa skal stille opp.
Lovar dekning
– Vi skal kompensere kommunane for koronarelaterte utgifter og inntektstap. Stortinget har vedteke det. Dessutan jobbar vi tett saman med KS. I denne situasjonen er det viktig at vi treffer med dei planlagde tiltaka, seier han.Sentio-undersøkinga vart gjennomført i perioden 29. april til 12. mai, altså før regjeringa la fram revidert nasjonalbudsjett.
Publisert: 22.05.2020 14:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57