Moere og Romsdal paa optimist toppen
FLEIRE FOLK: Statsminister Erna Solberg sto for den offisielle opninga av munnbindprodusenten Innovern i Sykkylven i november. Den reelle opninga skjedde tidlegare i år, etter at mellom andre Lars Einar Riksheim (med pute) tok initiativet til å starte ein fabrikk som skulle lage smittevernutstyr etter at koronaepidemien kom. Innovern er blant bedriftene som reknar med å tilsette fleire i 2021.
Nytt

Møre og Romsdal på optimist-toppen

Bedriftene i Møre og Romsdal er dei mest ivrige etter å tilsette fleire folk framover.

11.12.2020
NETT NO/NPK-NTB: viser at bedriftene i Møre og Romsdal ligg på topp og langt over landsgjennomsnittet når dei blir spurt om dei vil auke arbeidsstokken framover.
NHO har rekna ut differansen mellom dei bedriftene som vil auke bemanning og dei som vil redusere bemanninga. I Møre og Romsdal er det 28 prosent fleire som ventar at dei kjem til å tilsette fleire, enn dei som vil kutte.
Landsgjennomsnittet er 17 prosent, og i Oslo - som ligg på andreplass - er skilnaden 25 prosent.

Færre i reiseliv

Blant dei ulike bransjeforeiningane i NHO er det berre i NHO Reiseliv at det er fleire bedrifter som svarar at dei vil kutte, enn som vil auke arbeidsstokken. Der er differansen 16 prosent i negativ lei.
At det er tøffe tider for reiselivsnæring visest og i svaret på spørsmålet om bedriftene har hatt fall i driftsinntektene dei fire siste vekene, samanlikna med tilsvarande veker i fjor.
Då koronaepidemien kom svarte 97 prosent av reiselivsbedriftene at det var tilfelle. No svarar 86 prosent det same.

Færrast i Møre og Romsdal

For NHO-bedriftene samla sett et tilsvarande tal 71 prosent tidleg i vår og 51 prosent no.
Bedriftene i Møre og Romsdal svarar og at dei ligg best an når det gjeld å samanlikne driftsinntekter i dag, med driftsinntekter i same firevekers-periode i 2029.
44 prosent svarar at dei har ein inntektsnedgang - som er færrast i landet. Tidleg i vår svara 77 prosent det same.

Snudde seg kjapt

- Arbeidsløysa er framleis høg i Noreg, men Møre og Romsdal er av fylka der den har hatt den største reduksjonen, seier Stein Veland, direktør for NAV Møre og Romsdal.
Han meiner det som skjedde hos møbelprodusenten Ekornes er eit godt døme på utviklinga.
Først permitteret Ekornes store deler av arbeidsstokken og gjorde at Sykkylven ei periode hadde den høgste arbeidsløysa i landet. For på halde hjula i gang sydde bedrifta smittevernplagg, før marknaden kom som ei kule før sommarferien - og selskapet tilsette folk som dei ikkje har gjort på fleire ti-år.

Lys i tunellen

Den økonomiske utviklinga det neste halvåret vil avhenge sterkt av koronapandemien, meiner NHO – som sjølv trur på ein vekst på 2,75 prosent neste år.
Det kjem fram i
Med koronapandemien som eit dystert bakteppe prøver NHO å sjå framover.
– Då regjeringa i mars innførte dei «mest inngripande tiltak i fredstid» og stengde ned landet, forsvann nærare ein tidel av verdiskapinga nærast over natta, heiter det i rapporten.

Tilbakeslag

Tiltaka mot pandemien har påført verdsøkonomien det sterkaste tilbakeslaget i nyare tid. NHO-rapporten anslår at verdiskapinga vil falle med 5,25 prosent i industrilanda og 4 prosent globalt i år.
Ifølgje rapporten er det uvisst kor raskt dei oppløftande vaksinenyheitene kan omsetjast til ein siger over pandemien.
– Vi legg likevel til grunn at brorparten av smitteverntiltaka vil vere avvikla neste sommar. Dette kan vere tidsnok til å rekke ferie- og festivalsesongen, men neppe fullt ut, sidan feriereiser normalt blir planlagd og bestilt i god tid, skriv NHO i rapporten.

Pengar på bok

2020 vart året då mange ville, men ikkje kunne. Neste år kan mange gjere meir. For mykje av det ein ikkje har brukt pengar på i år, har mange spart.
NHO har derfor tru på ein sterk vekst i privat forbruk neste år, heiter det i rapporten.
Dei strenge tiltaka som har vore sett inn, har òg hatt sin pris. Men kostnadene har vore ulikt fordelt.
– Det er liten tvil om at byrdene ved smitteverntiltaka har vore skeivt fordelt, heiter det i rapporten.

Firedobla arbeidsløyse

For det er ikkje alle som kan leggje ubrukte pengar til side. Nedstenginga firedobla arbeidsløysa til nivå Noreg ikkje har sett sidan 30-talet.
I midten av desember er nesten 200.000 personar arbeidsledige. Det utgjer nesten 7 prosent av arbeidsstyrken.
Den samla budsjettbalansen er i år svekt med 328 milliardar kroner. Regjeringa har henta rekordhøge 417 milliardar frå Oljefondet.
– Underskot i denne storleiksordenen er ikkje berekraftig, står det i NHO-rapporten, som argumenterer for at oljepengebruken må ned allereie i 2021.
Arbeidsløysa er framleis høg i Noreg, men Møre og Romsdal er av fylka der den har hatt den største reduksjonen

Publisert: 11.12.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:08