Moeretrygd snart like stor paa land som paa sjoe
DOBLING: Innan 2021/2022 meiner Møretrygd-sjef Bjørn Harald Bakke at selskapet skal doble premieinntektene frå landsida.
Nytt

Møretrygd snart like stor på land som på sjø

Landsida stor for storparten av veksten for Møretrygd i fjor.

24.04.2017
Premieinntektene frå land og sjøsida var nesten like stor i fjor. 2017 kan bli det første året der Møretrygd hentar større inntekter frå landsida enn sjøsida.
Selskapet er mellom dei største i Noreg når det gjeld å forsikre fiskeflåten. Rundt ein tredjepart av havfiskeflåten er forsikra i Møretrygd. Det er bra innan ein bransje, meiner administrerande direktør Bjørn Harald Bakke.

Satsar på land

Medan selskapet meine det har ein bra størrelse i forsikring av båtar, vil det blir mykje større på landsida.
Innan 2021/2022 meiner Bakke det er realistisk å doble premieinntektene frå landsida, til rundt 150 millionar kroner.
Det skal først og fremst skje med å få nye kundar, ikkej ved å kjøpe og overta andre selskap.
- Vi må skape veksten vår sjølv, seier Bakke.

Stor på Nordvestlandet

Det langsiktige målet er å ta 10 prosent av forsikringsmarknaden på Nordvestlandet,.
Målet er å nå 400-500 millioner kroner i årlege premieinntekter for land- og sjøforsikring tilsaman innan 2030. Rundt 300 millionar kroner skal kome frå landsida.
Møretrygd i dagens form stammar frå 2007 då Volda Branntrygdelag og Møretrygd - som opphavleg berre forsikra fiskebåtar - seg saman til eitt selskap.
Vi må skape veksten vår sjølv

Publisert: 24.04.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:08