Kings bay
KINGS BAY: Herøy-båten Kings Bay er på veg til Brødrene Sperre på Ellingsøya med makrell. Foto: Kings Bay
Nytt

Full fart i makrellfisket

Etter ein lang periode med leiting og magre fangstar, er det full fart i makrellfisket vest for Ålesund.

19.10.2021

Flåten har samla seg på eit lite område vest-nordvest for Ålesund. Til tydsag klokka 10:45 var det innmeldt 46 fangstar på totalt 4.945 tonn.

Framleis låg det att ei rekke fartøy på feltet, medan andre var på veg mot land for å levere, viser oppdateringa frå Marine Traffic.

Og flåten treng ikkje å gå langt. Dei aller fleste fangstane vert leverte på Sunnmøre og i Nordfjord, fordelt på Brødrene Sperre, Nils Sperre, Fosnavaag Pelagic, Severin Tranvåg, Olav E. Fiskerstrand og Pelagia-anlegga i Måløy, Liavåg og Selje.

Sjå innmeldingsjournalen her

Fiske
MAKRELL: Store deler av makrellflåten ligg samla nordvest for Ålesund, medan andre er på veg jmot land for å levere. Skjermdump: Marine Traffic

Britisk stopp
Det gode makrellfisket er kjærkome ettersom mange fartøy har att kvote etter at det i år ikkje har vore mogleg for norske fartøy å fiske i britisk sone på grunn av manglande avtale med britane.

Fleire fartøy har leitt over store område, før makrellen no samla seg nær land på norsk side.

På grunn av det friske fisket, oppfordrar no Sildelaget om at makrellflåten ikkje melder inn fangstane i siste liten før auksjonane.

Publisert: 19.10.2021 10:30

Sist oppdatert: 19.10.2021 10:57