Makrellbonanza for lokale fiskarar
PÅ REKKE OG RAD: Fosnavaag Pelagic fekk det travelt etter at lokale sjarkar håva inn makrell ein kort seglas frå kaia. 
Nytt

Makrellbonanza for lokale fiskarar

Fosnavaag Pelagic-sjefen kan ikkje hugse at det har vore så store mengder fisk  «rett utfor» fabrikken.

Marius Rosbach
02.10.2020
Makrellsesongen er i gong og dei siste dagane har sjarkfiskarar i Herøy håva inn store mengder på kort tid.
– Det har vore ein liten bonanza for dei lokale fiskarane. Vi har fullt kjør og tømde unna alle båtane i går kveld. Vi ventar at dei kjem inn att i løpet av morgondagen, fortel dagleg leiar Roar Aasen i Fosnavaag Pelagic til NETT NO fredag.

Kan ikkje hugse så store mengder fisk

Fosnavaag Pelagic-sjefen synest det er ei kjekk oppleving etter at det har vore nokre magre år for lokalt dorgefiske. I tillegg til sjarkfiskarane, er det fleire fartøy frå den mindre notflåten - og fleire båtar skal vere på veg.
– Det er ein del år sidan det har vore slikt dorgefiske her. Eg kan ikkje hugse at det har vore så store mengder med makrell langs denne kystlinja i starten av oktober, og snakka med erfarne fiskarar som seier det same, seier Aasen.

– Kort leveranse

Han fortel at fiskarane dei siste dagane har fiska berre ein halvtime tid frå kaia i Fosnavåg. Det betyr også travle dagar for fiskemottaket inst i vågen.
– Når det blir så lett tilgang på makrell og vi ligg så nært fiskefeltet, så blir det travelt. Dei fleste ønsker kort leveranse, seier Aasen.
Kvota for makrellen er auka i år og fiske har gjerne brukt å ta av i august-september. I år blei det ikkje fart i fiske før i slutten av september.
– Slik er det å jobbe i denne næringa; det er ikkje eitt år som er likt det andre. Det er noko av det som er utfordrande med fiskeri, men også det som gjer det så spennande, seier Aasen før han må halde fram arbeidet.

Les også:



Synspunkt:



Slik er det å jobbe i denne næringa; det er ikkje eitt år som er likt det andre

Publisert: 02.10.2020 17:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03