Ingen gjekk på vatnet i fjor
I 2019 var Seawalk Geiranger ei pengemaskin. I fjor hadde ikkje selskapet kundar.
Utan cruisetrafikk ble dei ingen kundar for korkje Seawalk Geiranger eller Seawalk Nordfjord i 2020.
Selskapa eig og driv foldbare flytekaier som gjer at cruiseskipa kan sende gjestane tørrskodde i land sjølv om både Geiranger og Nordfjordeid manglar djupvasskai som cruiseskip kan legge til ved.
- Når vi har kome opp i fart er det ei vedunderleg forretning, sa Arthur Kordt i selskapet Seawalk til NETT NO etter 2018-sesongen.
Står bak ideen
Seawalk står bak ideen om dei flytande foldbare cruiseskipskaiene og eir medeigar både på Nordfjordeid (33,5 prosent) og i Geiranger (24,2 prosent direkte, i tillegg til at Kordt er medeigar i Geiranger Cruise Handling, som eig 25,9 prosent).
I Seawalk Nordfjord er Jon Olav Lefdals selskap Lefdal Invest største aksjonær med 50,5 prosent av aksjane.
Utbytte
Seawalk Geiranger blei etablert i 2013.
Frå 2017 byrja selskapet å betale utbytte og i åra2017-2019 tok eigarane ut til saman 7,9 millionar kroner i utbytte.
Seawalk Nordfjord hadde sitt første driftssår i 2019.
Både i Geiranger og i Nordfjord vart det full stopp i cruisetrafikken i fjor og dermed heller ikkje innkter for dei to Seawalk-selskapa.
Heller ikkje i år kom det skip til Nordfjord, medan Geiranger kan få i underkant av 30 cruiseskipanløp innan året er omme. Det vil i så fall bety omlag 20.000 cruiseturistar, mot 350.000 i året før koronaepidemien kom, følgje Stranda Hamnevesen.
John Olav Lefdal seier det per i dag er meldt inn 64 cruiseskipsanløp til Nordfjordeid neste år, som vil sikre overskot for Seawalk Nordfjord.
Seawalk Geiranger as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 0,2 | 10,8 |
Driftsresultat | -2,6 | 7,0 |
Resultat før skatt | -2,7 | 6,7 |
Seawalk Nordfjord as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 0,02 | 2,0 |
Drifsresultat | -1,7 | -0,7 |
Resultat før skatt | -2,6 | -1,3 |
Publisert: 11.10.2021 15:12
Sist oppdatert: 11.10.2021 18:58