Mange har oppdaga at det er smart aa ha ein buffer
VOLDA: Banksjef for personmarknaden Andre Skotheim (foran t.v.) og administrerande direktør Stig Brautaset, saman med banksjef for bedriftsmarknaden Sigrun Heltne Vartdal og banksjef for økonomi og finans Olaf Eskeland (bak t.h.).
Nytt

- Mange har oppdaga at det er smart å ha ein buffer

Dei private kundane til Sparebank 1 Søre Sunnmøre sparar langt meir enn før - og ingen har missa hus og heim.

Marius Rosbach
14.08.2020
Fredag og fortalde korleis dei såg på den økonomiske situasjonen med den pågåande koronapandemien.
Banksjef Andre Skotheim som har ansvar for privatkundane, fortel at dei har hatt mange samtalar med bekymra kundar – men at dei verste konsekvensane har latt vente på seg.
- Vi har kundar som har fått problem der kanskje begge i hushaldninga har vorte permitterte, men vi har ingen tilfelle der folk misser hus og heim. Dit skal vi ikkje kome heller, seier Skotheim.
Banken har også lågare nivå på misleghald og overtrekk enn tidlegare. Skotheim meiner mykje har å gjere med at folk tek kontakt tidleg, og at dei er ein lokal bank som kjenner folk godt.
- Mange har fått ei større forståing for at det er lurt å ha ein buffar. Vi bankfolk snakkar gjerne om at det er lurt å ha ei månadsløn eller to på konto, slik at ein kan stå gjennom ulike utfordrande situasjonar som kan oppstå, seier Skotheim.

Les også:


Stor auke i private innskot

Innskot frå private kundar har samtidig auka med meir enn ti prosent i løpet av det siste året. For bedrifter er utviklinga motsett, med ein nedgang på drygt 8 prosent.
- Vi ser på innskota at folk er blitt veldig forsiktige med pengane sine. Til dømes når feriepengane kom inn på konto, så er ikkje dei blitt brukt på same måte som tidlegare, fortel Skotheim.

Låg rente hjelper mange

Han påpeiker at sjølv om det er fleire enn før som står utan jobb – så har dei aller fleste framleis arbeid å gå til. Mange av desse har samtidig fått ein meir romsleg økonomi gjennom våren og sommaren med lågare rente
- Folk klarar seg betre enn frykta og når renta i tillegg blei rekordlåg, så betrar det økonomien for dei som har store bustadlån, påpeiker Skotheim.

Fritak for både avdrag og renter

Mange kundar har fått lempa på forpliktingane sine, og i enkelttilfelle har banken også gitt folk fritak for både renter og avdrag for nokre terminar.
- Då tek ein vekk ein stor byrde i økonomien til folk i ei periode og det kan vere ei god løysing både for bank og kunde, legg han til.
No er forbruket på veg opp, noko Skotheim mellom anna merkar på spørsmål om billån.
- Det var lite spørsmål om det ei periode, men det har teke seg opp litt no, seier Skotheim.

Les også:




Vi ser på innskota at folk er blitt veldig forsiktige med pengane sine. Til dømes når feriepengane kom inn på konto, så er ikkje dei blitt brukt på same måte som tidlegare

Publisert: 14.08.2020 16:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01