Alfred bjørlo innfelt sveinung rotevatn foto ogne 11
TO PÅ TOPP: Alfred Bjørlo er på topp i Sogn og Fjordane valkrins og Sveinung Rotevatn (innfelt) i Hordaland. Båe kjem frå gamle Eid kommune, no Stad i gamle Sogn og Fjordane. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Mange menn toppar stortingslistene i vest

I Sogn og Fjordane er berre ei kvinne listetopp, medan det er litt fleire i Møre og Romsdal. I helga valte Venstre to menn frå Nordfjordeid på topp i kvar sin valkrins.

Marius Rosbach
15.02.2021

(NPK- Kjell Åsmund Sunde): Fleire parti er ferdig med nominasjonsprosessane inn mot valet kommande haust. Eit klart fleirtal av listetoppane på Vestlandet er menn.

I inneverande periode har ni parti representantar på Stortinget. I helga gjennomførte fleire parti i vest nominasjonsmøta sine, og med det har alle vestlandsparti med stortingsrepresentasjon klare lister før valet til hausten.

Rotevatn i Hordaland
I Hordaland har fem av dei ni partia, som er representert på Stortinget i dag, mannlege listetoppar. I helga var det nominasjonsmøte for Venstre i dei to valkrinsane i Vestland fylke. Møta enda med å innstille Alfred Bjørlo på topp i Sogn og Fjordane valkrins og Sveinung Rotevatn på topp i Hordaland. Båe kjem frå gamle Eid kommune, no Stad i gamle Sogn og Fjordane.

– Eg er veldig glad for at fleirtalet har gitt meg tillit, sa Sveinung Rotevatn til NRK etter nominasjonsmøtet.

Nominasjonskomiteen i Hordaland Venstre har vore splitta i saka. Fire ville ha Rotevatn på topp, medan tre ville ha partiveteranen Terje Breivik, som har toppa lista i Hordaland dei siste stortingsvala.

Også Hordaland SV avgjorde i helga kven som skal toppe lista der. Det blei ikkje overraskande partileiar Audun Lysbakken.

– Eg er stolt over å få toppe SV-lista i heimfylket mitt og gler meg til valkamp for miljø og rettferd. Eit meir rettferdig Noreg og eit rettferdig grønt skifte er SVs viktigaste mål, seier Lysbakken i ei pressemelding.

I alt har fem av ni stortingsparti mannlege toppkandidatar i Hordaland.

Ei kvinne på topp i Sogn og Fjordane
I den gamle valkrinsen nord for Hordaland har heile åtte av ni stortingsparti mannlege toppkandidatar. Berre Sosialistisk Venstreparti stiller med ei kvinne på topp. Det er Hege Lothe frå Gloppen.

– Sogn og Fjordane har både kultur, natur og næring som er viktige å ta vare på, kjempe for og utvikle inn i framtida. Difor vil eg arbeide for vår plass i verda, for eit sjølvstendig Sogn og Fjordane, for internasjonal solidaritet, for klima og for mindre forskjellar mellom folk, sa Hege Lothe i ei pressemelding då nominasjonsmøte innstilte henne på topp i haust.

Det går òg mot store utskiftingar på stortingsbenken til Sogn og Fjordane. Berre ein av fire kandidatar som sit for det gamle fylket i dag har tatt attval som toppkandidatar. Dersom dei same partia som sit på stortingsbenken til fylket i dag får inn kandidatar i haust, blir Liv Signe Navarsete (Sp) erstatta av Erling Sande, Ingrid Heggø blir erstatta av Torbjørn Vereide og Frida Melvær blir erstatta av Olve Grotle. Berre KrF, som har Tore Storehaug inne på utjamningsmandat, stillermed same kandidat på topp som ved førre val.

Litt fleire menn i Møre og Romsdal
I Møre og Romsdal er det òg eit fleirtal av menn på topp. Av dei ni stortingspartia har fem mannlege toppkandidatar i Møre og Romsdal. Blant dei mest røynde namna på listene er Sylvi Listhaug på topp for Framstegspartiet og Jenny Klinge på topp for Senterpartiet.

Av nye namn finn vi blant anna Per Vidar Kjølmoen (Ap). Han erstattar Else-May Nordrehus, som blir statsforvaltar i Møre og Romsdal frå 2021. Også KrF har bytt toppkandidat sidan førre val. Steinar Reiten sit på Stortinget for partiet i dag. På stortingslista før valet i haust er det Harry Valderhaug som toppar lista.

Fleire kvinner i Rogaland
I Rogaland har seks av dei ni partia med representasjon på Stortinget valt kvinnelege toppkandidatar. Det betyr at Rogaland er einaste valkrins i vest med fleire kvinner enn menn på topp.

– Eg er glad for å vere ein del av eit svært motivert lag som Rogaland Arbeidarparti har nominert til Stortingsvalet. Dei siste åra har familiar med vanlege inntekter fått lite, mens pengesterke har fått store skattekutt. Dette kjem Arbeidarpartiet til å snu, sa førstekandidat for Rogaland Ap, Hadia Tajik, i ei pressemelding då nominasjonen var klar i haust.

I Rogaland er det òg mange av ministrane i regjeringa som toppar listene. Vi finn mellom anna næringsminister Iselin Nybø på topp for Venstre, landbruks- og matminister Olaug Bollestad på topp for KrF og olje- og energiminister Tina Bru på topp for Høgre.

(©NPK)

Publisert: 15.02.2021 14:26

Sist oppdatert: 17.02.2021 11:17

Mer om