Mangla baat men fiska meir
KLAR TIL FISKE: Nybygget "Havskjer" skal vere ute i fiske i løpet av ei vekes tid. Kom til Ålesund i dag
Nytt

Mangla båt, men fiska meir

Meir fisk og betre prisar auka fangstinntektene til Veibust Fiskeriselskap i fjor, sjølv om nybygget som kom til Ålesund i dag var nesten eitt år forseinka.

27.01.2021
Henning Veibust har nettopp lagt til kai i Breivika i Ålesund med nybygget "Havskjer", som opphavleg skulle leverast frå Karstensen Skibsværft i Danmark i februar i fjor. I løpet av ei vekes tid skal båten vere ut i fiske.

Ein konsekvens av forseinking på neste eitt år er at Veibust Fiskeriselskap fekk fiske med to i staden for tre båtar i 2020. Det gjekk imidlertid ikkje ut over fangstinntektene til konsernet, som auka frå 171 millionar kroner i 2019 til i underkant av 220 millionar kroner i 2020, seier eigar og dagleg leiar Henning Veibust.
I 2019 hadde konsernet eit resultat før skatt på 42 millionar kroner.

Vil ha tre båtar

Sjølv om Veibust kunne samle kvotane sine på to båtar, vil han likevel fiske med tre.
Då har offentleggjorde kontrakten med Karstensen Skibsværft i 2018 forklarte han grunnen: Med dagens system måtte gi frå seg ein del av kvotane etter 20 år om han samla dei på færre båtar, og det er ikkje aktuelt.
Medrekna nybygget har Henning Veibust tre fiskebåtar med ringnotkvote, kolmue- og vassildkvote.

Korona tok tid

Den verdsomspennande koronaepidemien har medverka til at "Havskjer" blei forseinka, men er ikkje heile forklaringa.
"Byggeriet har været præget af store udfordringer, dels med Covid-19 pandemi og dels med endog meget store forsinkelser af levering af hovedkomponenter.", skriv Karstensen Skipsværft i ein pressemelding.
Det nye fartyet er ein kombinert ringnotsnurpar og pelagisk trålar, med ringnotkvote, kolmule- og vassild-kvote.
Fartyet er 80 meter langt og 16 meter breitt.

Publisert: 27.01.2021 12:51

Sist oppdatert: 01.03.2022 11:46

Mer om