Hotel Union
VINTER OG VÅR: Først etter tre vintrar til kjem den viktige asiatiske marknaden attende som før korona, trur hotelldirektør Sindre Mjelva på Hotel Union Geiranger. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Manglar Asia-marknaden

Inntektene aukar også i år for Hotel Union Geiranger, men når ikkje opp til før-korona-nivå.

28.07.2022

Dei fem åra før koronapandemien kom i 2020 svinga driftsinntektene til Hotel Union Geiranger rundt 85 millionar kroner året.

I 2020 fall driftsinntektene til 57 millionar, før hotellet fekk eit oppsving i fjor. Også i år ligg det an til inntektsvekst, men ikkje opp til nivået før korona, etter hotelldirektør og -eigar Sindre Mjelva si vurdering.

Asia-marknaden er borte
Tradisjonelt har utanlandske turistar stått for rundt 70 prosent av inntektene til hotellet, med asiatiske turistar som dei best betalande.

I år anslår Mjelva utanlandsandelen til å utgjer 30-40 prosent av driftsinntektene.

Den asiatiske marknaden forsvann med koronapandemien som kom i 2020, og signala Mjelva har fått frå aktørar i marknaden er at det ikkje kjem mange turistar frå Asia til hotellet i Geiranger neste år heller. Mjelva si vurdering er at den asiatiske marknaden ikkje vil vere attende på nivået for korona før i 2025.

Tøffare å rekruttere
Hotel Union Geiranger har i ei årrekke hatt tilsette med ukrainsk og russisk bakgrunn i arbeidsstokken i høgsesongen. I år er det mange av dei som ikkje kom og det forsterka rekrutteringsutfordringane og auka lønskostnadane.

- Det har vore ei ekstrem endring på tlibodsida i arbeidsmarknaden, seier Sindre Mjelva om turistsesongen i år.

Hotel Union Geiranger as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt72,757,1
Driftsresultat-2,80,3
Resultat før skatt-3,5-0,3

Publisert: 28.07.2022 15:15

Sist oppdatert: 28.07.2022 14:54

Mer om