Marina Solutions satsar paa oppdrett og fiskeri
HUS OG HYTTER: Marina Solutions er inne i utvikling av eit flytande husprosjekt i Horten og eit liknande hytteprosjekt på Hitra, fortel dagleg leiar Torgeir Iversen. 
Nytt

Marina Solutions satsar på oppdrett og fiskeri

Marina-produsenten Marina Solutions utvidar satsinga inn i oppdrett- og fiskerinæringa. Arbeider og med flytande hus- og hytteprosjekt.

22.08.2018
Marina Solutions-sjef Torgeir Iversen og kollegaene i Marina Solutions står på stand under fiskerimessa Nor-Fishing for første gang. Neste år vil dei og vere på plass under oppdrettsmessa Aqua Nor.
Begge varslar ei større satsing inn mot oppdrett- og fiskerinæringa.
Hittil har Marina Solutions hatt marknaden for småbåtanlegg som hovudverksemd, medan oppdrag for oppdrett- og fiskeribransjen har kome tilfeldig og sporadisk.

Auka kapasitet

Satsinga på oppdrett og fiskeri skuldast forventningar til vekst i marknaden.
No har Marina Solutions også fått ein avtale med eit selskap i Trøndelag som sikrar produksjonskapasitet for betonganlegg til oppdrettsnæringa. Det sikrar den produksjonskapasiteten Marina Solutions har mangla inn mot oppdrettsnæringa, medan øverig betongkonstruksjonar blir laga hos Ulstein Betong.

Flytande fiskebåtkaier

Marina Solutions kan mellom anna tilby småbåtanlegg med lager og servicerom under kaidekket. Den ideen er tatt vidare i satsing på flytande fiskebåtkaier, der kjellarrommet blir brukt som lager og rom for serviceanlegg for båten-
- Vi er i forhandlingar med fleire, spesielt i Finnmark, seier Iversen om interessa fordei flytande fiskebåtkaiene.

Hus og hytter

Selskapet er og på veg inn i bustad- og fritidsbustadbransjen.
I Horten er det inn i utviklinga av eit prosjekt som skal omfatte 32 einebustadar, bygd på flåtar i vatnet.
På Hitra er det ein liknade prosjekt for 10 fritidsbustadar under utvikling.

Godt år

Marina Solutions har 16 tilsette, 14 av dei på kontoret i Ørsta.
Staben utvide på salsida for å handtere satsinga på oppdrett og fiskeri.
I fjor hadde selskapet eit lite overskot (sjå tabell), i år ligg det an til å bli betre.
- Det ser veldig bra ut, den beste hausten nokon sinne seier Iversen om utviklinga i 2018.
Aksjaner er fordelt på fleire eigarar. Iversen er største aksjonær med 24,8 prosent av aksjane. Ulstein Betongindustri eig 18,5 prosent.

Publisert: 22.08.2018 13:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25