Tysdag kveld kom meldinga om at regjeringa og Frp har blitt samde om eit statsbudsjett for neste år.
Mellom dei mest konkrete tiltaka som vil bli lagt merke til på Nordvestlandet, er 75 millionar kroner til oppstart av Stad skipstunnel. Det betyr truleg oppstart i 2021.
Andre endringar på samferdsel, er fjerning av bompengar på Tresfjordbrua og at kjøp av sokalla Fot-ruter i luftfarten blir utvida for ei periode. I avtalen blir det presisert at Ørsta/Volda-Oslo skal vere mellom strekningane som blir inkludert.
– Dette er ein stor dag for innbyggjarar og næringsliv på kysten, som har venta i fleire tiår på at myndigheitene skal gi klarsignal for bygging av verdas første skipstunnel, heiter det i ei pressemelding derifrå.
Også hos Venstre-ordførarane Lena Landsverk i Vanylven og Alfred Bjørlo i Stad var det ein gledesdag. Dei påpeiker i ei pressemeldinga at partiet, saman med Høgre, KrF og Frp, sikrar fleirtal for skipstunnelen.
Frp fekk også gjennomslag for å styrke finansieringsordninga for verfta. Ifølgje avtalen betyr det at garantiordninga for byggjelån blir utvida, til også å omfatte garantiar på forskot på inntil 50 prosent.
Det vil langt på veg innfri ønska frå verftsnæringa som har jobba for eit slikt tiltak. Håpet er at det skal gjere det lettare for verfta å få på plass nye kontraktar.
Også vrakpantordninga for skip i nærskipsfarten blir styrka med 150 millionar kroner, og skal no også gjelde offshoreskip.
Ifølgje partileiar Siv Jensen dreiar det seg om kring 600 millionar kroner ekstra i ei maritim pakke.
Til saman blir avgiftene senka med sju milliardar kroer neste år, samanlikna med regjeringa sitt forslag.
Forslaget blir lagt fram for Stortinget torsdag og skal hastebehandlast.
Les (ekstern lenke til pdf-fil)
Mellom dei mest konkrete tiltaka som vil bli lagt merke til på Nordvestlandet, er 75 millionar kroner til oppstart av Stad skipstunnel. Det betyr truleg oppstart i 2021.
Andre endringar på samferdsel, er fjerning av bompengar på Tresfjordbrua og at kjøp av sokalla Fot-ruter i luftfarten blir utvida for ei periode. I avtalen blir det presisert at Ørsta/Volda-Oslo skal vere mellom strekningane som blir inkludert.
Glede over oppstart for skipstunnel
Det endelege gjennomslaget for skipstunnelen fekk tilhengarane i Realiser Stad skipstunnel til å sende ut ei gledesmelding:– Dette er ein stor dag for innbyggjarar og næringsliv på kysten, som har venta i fleire tiår på at myndigheitene skal gi klarsignal for bygging av verdas første skipstunnel, heiter det i ei pressemelding derifrå.
Også hos Venstre-ordførarane Lena Landsverk i Vanylven og Alfred Bjørlo i Stad var det ein gledesdag. Dei påpeiker i ei pressemeldinga at partiet, saman med Høgre, KrF og Frp, sikrar fleirtal for skipstunnelen.
Ingen kutt i nettolønnsordninga
Avtalen inneber vidare at nettolønnsordninga blir styrka, i staden for svekka, slik regjeringa la opp til.Frp fekk også gjennomslag for å styrke finansieringsordninga for verfta. Ifølgje avtalen betyr det at garantiordninga for byggjelån blir utvida, til også å omfatte garantiar på forskot på inntil 50 prosent.
Det vil langt på veg innfri ønska frå verftsnæringa som har jobba for eit slikt tiltak. Håpet er at det skal gjere det lettare for verfta å få på plass nye kontraktar.
Også vrakpantordninga for skip i nærskipsfarten blir styrka med 150 millionar kroner, og skal no også gjelde offshoreskip.
Ifølgje partileiar Siv Jensen dreiar det seg om kring 600 millionar kroner ekstra i ei maritim pakke.
Sju mrd. mindre i avgifter
Andre tiltak Frp har fått gjennomslag for, er halvert moms for reiselivet halve 2021 og avvikling av flypassasjeravgifta heile neste år.Til saman blir avgiftene senka med sju milliardar kroer neste år, samanlikna med regjeringa sitt forslag.
Forslaget blir lagt fram for Stortinget torsdag og skal hastebehandlast.
Les (ekstern lenke til pdf-fil)
Les også:
Publisert: 01.12.2020 22:24
Sist oppdatert: 07.04.2021 21:08