Britt Giske Andersen har vikariert som dagleg leiar medan Elise Fiske har hatt permisjon frå Maritimt Forum Nordvest.
No blir Andersen med vidare, og skal arbeide spesielt med maritim kompetanseutvikling og beredskap. Ho har mellom anna arbeidd for å få utdanne fleire sjøfolk i Ålesund, som eit svar på at både Forsvaret og den sivile skipsflåten treng fleire sjøfolk. Det er eit samarbeid mellom fleire aktørar, der Andersen skal vidareføre Maritimt Forum Nordvest sin innsats i samarbeidet.
Maritimt Forum er ein interesseorganisasjon for maritim næring, med både bedrifter og fagrørsla som medlemer.
Svar på opprustning og internasjonal spenning
Det skal merkast at vi blir to skriv Maritimt Forum Nordvest på nettsida si. Utvidinga er ein konsekvens av opprusting og auka internasjonal spenning:
"Maritim næring har alltid vært viktig, men i den tiden vi er i, med global urolighet som stadig kommer nærmere, vil næringen bli viktigere enn på lenge. For regionen vår vil dette bli særlig aktuelt, spesielt i forbindelse med forsvarsløftet hvor mye av byggeaktiviteten knyttet til ny militær flåte vil foregå her.", skriv Maritimt Forum Nordvest.
Finansiert av Sparebanken Møre
Det er støtte frå Sparebanken Møre som finansierer at Maritimt Forum Nordvest utvidar frå ein til to tilsette, skriv Maritimt Forum Nordvest.
Poenget med støtta er å gjere det råd for Maritimt Forum Nordvest å leie arbeidet med å få utdanne fleire sjøfolk i Ålesund.
Publisert: 27.06.2025 13:13
Sist oppdatert: 27.06.2025 13:13






