Marknaden er knalltoeff
SKYTTELTANKARAR: Ulsteinvikaren Sindre Sætre (innfelt) fortel at tankmarknaden er blant områda der det er ein viss aktivitet. 
Nytt

– Marknaden er knalltøff

ABB i Ulsteinvik har klart å halde på arbeidsstokken trass tøffe tider. No har dei sikra ei viktig kontrakt som trygger jobbane.

Marius Rosbach
16.10.2020
ABB Marine & Ports har sikra seg kontrakt for levering av kraft- og styreteknologi til to nye skytteltankarar til Daewoo Shipbuilding & Marine Engineering.
ABB organiserer oppdraget som eit samarbeid mellom avdelingane i Ulsteinvik og Fornebu utanfor Oslo.

Har halde på dei tilsette

Ulsteinvikaren Sindre Sætre som leiar marineverksemda til ABB i Norge, fortel at det er ein god kontrakt for begge avdelingar.
– Det er utruleg viktige kontraktar for å sikre arbeidsplassane, fortel han til NETT NO.
Trass koronanedgang i aktiviteten, også i Ulsteinvik, fortel han at det ikkje har vore nødvendig å redusere arbeidsstokken. Seinast i sommar fekk NETT NO opplyst at dei er kring 70 tilsette på avdelinga.

– Mange om beinet

Sætre legg ikkje skjul på at det har blitt vanskelegare tider som følgje av koronapandemien.
– Marknaden er knalltøff, og det er lite kontraktar som blir tildelt for tida, seier han.
– Generelt merkar vi også at når det gjeld løysingar som kan bidra til det grøne skiftet, så er det mange om beinet og sterk konkurranse, seier han.
Tankmarknaden er blant områda der det er ein viss aktivitet, og Sætre meiner det er særs viktig å være til stades her.

Omfattande leveranse

Oppdraget for dei to skytteltankarane til Daewoo, dreiar seg også om det grøne skiftet, på det viset at ABB-teknologien skal sørge for at fartøya har lågare utslepp enn samanliknbare skip i dag.
Om bord blir det doble batteripakkar med ein lagringskapasitet på 678 kilowattimar. Den krafta gjer maskineriet meir dynamisk og kan settast inn for å ta seg av til dømes toppbelasting og drift av lastepumper.
Leveransen frå ABB inkluderer også akselgeneratorsystem, hovudtavlar, drivsystem for thrustere- og lastepumper, prosjektleiing, igangkøyring og sjøprøvar.

Første batteriprosjekt for KNOT

Tankarane vil å ei dødvekt på 124.000 tonn og skal driftast av Knutsen NYK Offshore Tankers (KNOT) i Nordsjøen.
Prosjektleder Tom Knutsen i KNOT fortel i ei at dette er deira første prosjekt med batterikraft, og at det var viktig med ein leverandør som har god historikk på kvalitet, tryggleik og pålitelegheit.

Les også:



Det er utruleg viktige kontraktar for å sikre arbeidsplassane

Publisert: 16.10.2020 08:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03