Marknaden fall heilt vekk
OPPLAG: Forsyningsskipet Havila Borg vert lagt i opplag.
Nytt

- Marknaden fall heilt vekk

Havila Shipping legg PSV-en Havila Borg i opplag. Fleire selskap tar skipa ut av drift.

27.04.2020
- Marknaden fall heilt vekk, seier adm. dir. Njål Sævik i Havila Shipping.
Nokre av mannskapet vert overført til andre skip i selskapet, medan ein del av det utanlandske mannskapet er tilsette i innleigeselskap.
- Trasig å måtte gjere dette, men det var ingen veg utanom, seier Sævik.

- Halvparten av driftskostnadene

Oljeprisfallet har ført til sterkt redusert aktivitet i Nordsjøen.
- Det er altfor mange skip og altfor få jobbar.
- Dei siste slutningane var på rundt halvparten av driftskostnadene, og slik kan vi ikkje halde på, seier han.

DOF-varsel

Også offshoreselskapet DOF seier at ein truleg vil leggje fleire skip i opplag etter kvart som skipa går av kontrakt.
I ei børsmelding torsdag viser selskapet til at det bratte oljeprisfallet har ført til redusert leiteaktivitet og det er også enkelte aktørar som er i ferd med å redusere produksjonen.
Havila Borg skal leggjast i opplag på Moltustranda i Herøy.
Frå før ligg der fire skip i opplag.

To Hermit-skip

Dei to siste er dei Ulstein-bygde PSV-ane Hermit Prosper og Hermit Horixon, som tidlegare var eigde av Nordic American Offshore - no Hermitage Offshore Services.
Det er Fosnavåg-selskapet Remøy Shipping som har managementet på skipa.
I Fosnavåg ligg også Olympic-skipet Olympic Promoter, medan Farland til Sverre Farstad & co ligg i Ålesund.
Fleire seismikkselskap reduserer også aktivtiteten. Blant anna har Axxis Geo Solutions lagt seismikkskipet Neptune Naiad i varmt opplag ved Herøyterminalen i Torvika.
Ifølgje skipsmeklaren er det no 43 PSV-ar i opplag. Etter koronautbrotet har talet auka med 13, med Havila Borg som den siste.
Dei siste slutningane var på rundt halvparten av driftskostnadene

Publisert: 27.04.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56