Martin Braenne satsar meir i Furene
INVESTERER: Martin Brænne har fått Jysk som leigetakar i Furene i Volda, i eit bygg som skal klart til julehandelen i år.
Nytt

Martin Brænne satsar meir i Furene

Brænne har fått Jysk som leigetakar og satsar på meir handel i Furene i Volda.

23.03.2018
Furtunet as, der Brænne er medeigar og dagleg leiar, er i gang med å klargjere tomta som skal huse 1500 kvadratmeter Jysk-butikk i Furene. Målet er å opne butikken til julehandelen i år.
Samstundes med byggeførebuingane for Jysk-bygget er utsprengingane for å få plass til nok eit bygg på tomta i gang. Det kan bli snakk om eit bygg på inntil 3000 kvadratmeter, og Brænne seier han har snakka med fleire interesserte.

Jysk-bygget og planeringa er er ei investering på 20-25 millionar kroner, seier Brænne.

Tidlegare brusfabrikk

Der Brænne tidlegare dreiv brusfabrikk er det i dag handel. Brænne har alt Coop Xtra, Elektrokjeden Lefdal og hagesenterkjeden Plantasjen som leigetakar i kvar sitt bygg.
No kjem altså nok ei butikk-kjede på plass.
Jysk var på jakt etter nye lokale i samband med at leigeavtalen i Ørsta sentrum var i ferd med å gå ut. Det seier utviklingssjef Lars Petter Christensen til avisa Møre, som først skreiv om etableringa i Furene.

Skulle bli industri

Furene var planlagd som eit industriområde, men har blitt eit lokalt handelsenter. Området ligg i Volda kommune, ved avkøyringa til Eiksundsambandet, omlag midt mellom Ørsta og Volda sentrum.
Då Felleskjøpet, som den førebels siste i rekka, opna butikk på området i 2015 skreiv NETT NO at handelen i butikkane var på ein kvart milliard kroner i året.

Publisert: 23.03.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:19