Maskinsjef paa verdas sterkaste offshoreskip
KONTROLLROMMET: Maskinsjef Lars Atle Vågen (f.v.), andremaskinist Torgeir Liadal og Henrik Mork i kontrollrommet på offshoreskipet. 
Nytt

Maskinsjef på verdas sterkaste offshoreskip

Island Offshore har teke i mot sitt nye flaggskip Island Victory. Maskinsjefen om bord har hand om 42.000 hestekrefter. 

Marius Rosbach
07.02.2020

Reiarlaget Island Offshore feirar fredag dåp og overlevering av offshoreskipet Island Victory.

Fredag la offshoreskipet Island Victory ut på tur frå Langsten-verftet til Vard, tok opp gjestar i Ålesund – og segla vidare til Ulsteinvik, der reiarlaget feira mottaking av sitt nye flaggskip.

– Eit privilegium
Under ei slepeprøve i haust ved Vard Langsten sette Island Victory ny verdsrekord i slepekraft - 477 tonn. Tidlegare hadde Solstad Offshore sitt skip Far Samson rekorden med ei slepekraft på 432 tonn.

Maskinsjef Lars Atle Vågen har til saman åtte motorar med om lag 42.000 hestekrefter å ta hand om på kraftpluggen. Ulsteinvikaren var også med å sette verdsrekorden.

– Det er eit privilegium å få vere med å sette verdsrekord og vere med på heile byggeprosessen, fortel han.

Vågen legg ikkje skjul på at det er stas – og mange er nysgjerrige på å få vite ulike «fun facts» om den nye arbeidsplassen.

– Mange spør om dette med kor mykje vi trekker. Det er det vi blir målt på, og som også avgjer mykje om kva for jobbar vi kan ta, fortel han.

Les meir om skipet: Milliardskip til Island Offshore

Feirar med tilsette og leverandørar
I heimehamna inviterte reiarlaget tilsette og leverandørar til markering. Også administrerande direktør Tommy Walaunet og tidlegare toppsjef Håvard Ulstein var med på turen.

Skipet skal vidare til Bergen i løpet av få dagar. Då skal den gå i spotmarknaden nokre veker – før den skal ut på kontrakt fra mars. Reiarlaget har arbeid for skipet fram til oktober.

Island Offshore har hatt ein betre vinter enn frykta, og NETT NO omtala i januar at selskapet er på jakt etter fleire tilsette. No er det klart at reiarlaget også har sikra seg lange kontraktar til fleire skip.

Les også: Rett i arbeid og fleire kontraktar i kjømda

Betre vinter enn frykta for Island Offshore

1,1 milliardar
Island Victory er ei storsatsing frå Island Offshore si side, og kostar rundt 1,1 milliardar kroner. Det 123 meter lange og 25 meter breie kombinerte ankerhandteraren og installasjonsskipet har eit dekk på heile 1.100 kvadratmeter.

Innreiinga er for 110 personar, men det som kjenneteiknar Island Victory mest er stor krankapasitet og trekkrafta.

Utsette bygginga
Kontrakten på Island Victory vart i utgangspunktet inngått i 2014, og skipet skulle etter planen leverast i 2016. Men på grunn av utfordringane i offshoremarknaden vart prosjektet utsett.

I oktober i fjor vart derimot skroget slept frå Braila-verftet i Romania til Vard Brevik, der skipet skulle ferdiggjerast.

Båten skulle i utgangspunktet leverast 28. mai, men Brevik-verftet klarte ikkje levere i tide. Difor blei sluttføringa av jobben overført til Vard Langsten.

Les også: Denne båten sette verdsrekord

Nye kontraktar for Island Offshore


Publisert: 07.02.2020 16:23

Sist oppdatert: 31.05.2021 12:43