Mat industrien paa Stranda blir bok
BLIR BOK: I Skinkerådhuset på Stranda har Grilstad-konsernet  hengt kortversjonen av historia til næringsmiddelindustrien på veggen. Snart kjem den i bokform, fortel prosjektdirektør Oskar Gjærde i Grilstad.
Nytt

Mat-industrien på Stranda blir bok

Dei siste fire åra er det investert rundt ein milliard kroner i næringsmiddelindustrien på Stranda. No kjem industrihistoria i bokform.

03.10.2019
Over 700 personar arbeider hos matvareprodusentane på Stranda og deira underleverandørar.
Norske butikkar sel frossenpizza frå Stranda for 1,1 milliardar kroner i året og spekeskinke frå Stranda for 550 millionar kroner.
Det er Asbjørn Gjærde som skal skrive boka. Tidspunktet for utgiving er ikkje endleg fastsett, men det kan bli til neste sommar, seier prosjektdirektør Oskar Gjærde i Grilstad - selskapet som produserer skinke og spekemat under varemerka Stranda og Tind.
Grilstad står og bak "Skinkerådhuset", det ombygde tidlegare rådhuset på Strande. No blir det brukt som møteplass, konferanselokale og utviklingskjøken for kokkar.

Starta i 1888

Næringsmiddelindustrien på Stranda byrja i 1888 då Karl Johan Erikson Ringstad starta mårpølseproduksjon heime på garden.
Boka skal handle om utviklinga frå Ringstad til i dag, med spesiell vekt på dei tre største aktørane, Orkla, Grilstad og Norsk Sjømat, men og dei mindre aktørane.
- Det er fortsatt god fart og fortsatt investeringsvilje og -evne i bedriftene, og det er også hyggeleg å sjå at det er del lokalmatprodusentar som kjem etter, seier Gjærde.

Samla mat og reiseliv

I dag var Gjærde ein av foredragshaldarane på konferansen Treffpunkt Stranda. Konferanse har merkevarebygging og maten si rolle i reisemålsutviklinga som tema.
Det store matmiljøet på Stranda er ein fordel for alle, meiner Gjærde.
- Det har hatt mykje å seie og det har mykje å seie for den utviklinga som er i industrien, seier Gjærde.

Publisert: 03.10.2019 15:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:40