Nytt
Mattilsynet presiserer fiskeforskrift etter krangel om slaktebåt
Krangelen om slaktebåten Norwegian Gannet held fram. No har Nærings- og fiskeridepartementet har bede om ei presisering frå Mattilsynet av fiskekvalitetsforskrifta.
31.08.2020
NPK: Det skjer samstundes som departementet kranglar med reiarlaget Hav Line om retten til å frakta oppdrettsfisk til Danmark med slaktebåten «Norwegian Gannet».
Departementet bestilte tidlegare ein revisjon av forskrift om kvalitet på fisk, og Mattilsynet leverte forslag til ny forskrift i mai i fjor. I denne omgang blir det foreslått ei presisering av fiskekvalitetsforskrifta som handlar om krav til sortering, feilretting og bruk av oppdretta fisk til ulike formål.
– Endringa presiserer at oppdretta fisk med visse feil og manglar, skal sorterast innanlands, skriv .
Mattilsynet fekk oppdraget om presiseringa frå Nærings- og fiskeridepartementet 26. november. I desember avslo departementet søknaden om at slaktebåten fekk levera laks til Danmark. Fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) tolka lova slik at produksjonsfisk må sorterast ut i Noreg. I januar kom Bergen tingrett til at departementet hadde tolka forskrifta feil.
Striden om slaktebåten er likevel ikkje over. I heiter det at regjeringa vil halda fram den restriktive linja kva gjeld handtering av produksjonsfisk.
No håpar reiarlaget å få løyst saka.
– Hav Line er klar til å etterleva krava i kvalitetsforskrifta og sortera ut produksjonsfisken ved anlegget vårt i Hirtshals for deretter å returnera produksjonsfisken til anlegg i Noreg for feilretting, seier administrerande direktør Carl-Erik Arnesen i Hav Line til .
Høyringsfristen er sett til 15. mars og endringane er venta å tre i kraft i vår.
Departementet bestilte tidlegare ein revisjon av forskrift om kvalitet på fisk, og Mattilsynet leverte forslag til ny forskrift i mai i fjor. I denne omgang blir det foreslått ei presisering av fiskekvalitetsforskrifta som handlar om krav til sortering, feilretting og bruk av oppdretta fisk til ulike formål.
– Endringa presiserer at oppdretta fisk med visse feil og manglar, skal sorterast innanlands, skriv .
Fekk medhald av Mattilsynet
Reiarlaget Hav Line fekk i haust medhald av Mattilsynet til at «Norwegian Gannet» kunne henta laks frå merdar på Vestlandet, slakta fisken om bord, og føra laksen til Danmark for vidare tilverking utan og først sortera ut produksjonsfisken i Noreg, skriv .Mattilsynet fekk oppdraget om presiseringa frå Nærings- og fiskeridepartementet 26. november. I desember avslo departementet søknaden om at slaktebåten fekk levera laks til Danmark. Fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) tolka lova slik at produksjonsfisk må sorterast ut i Noreg. I januar kom Bergen tingrett til at departementet hadde tolka forskrifta feil.
Striden om slaktebåten er likevel ikkje over. I heiter det at regjeringa vil halda fram den restriktive linja kva gjeld handtering av produksjonsfisk.
No håpar reiarlaget å få løyst saka.
– Hav Line er klar til å etterleva krava i kvalitetsforskrifta og sortera ut produksjonsfisken ved anlegget vårt i Hirtshals for deretter å returnera produksjonsfisken til anlegg i Noreg for feilretting, seier administrerande direktør Carl-Erik Arnesen i Hav Line til .
Høyringsfristen er sett til 15. mars og endringane er venta å tre i kraft i vår.
Publisert: 31.08.2020 11:40
Sist oppdatert: 20.02.2024 08:02