Nytt
Mattilsynet stoppar Sunsea
Sjømatprodusenten Sunsea på Moltu har mist produksjonsløyvet, og har mellombels innstilt drifta. Leiinga protesterer.
03.08.2017
Dette opplyser lokalavisa Vestlandsnytt.
Frå og med 31. juli har Mattilsynet trekt tilbake av løyvet til mottak, slakting og produksjon av fiskevarer.
Ifølgje avisa meiner Mattilsynet at verksemda i fleire år hatt alvorlege brot på regelverket som skal hindre smittsomme fiskesjukdomar.
Etter ein inspeksjon 7. juli i år skal det mellom anna vorte avdekka omfattande manglar for behandling av avløpsvatn.
I ein tilsynsrapport vert det fastslått at anlegget ikkje er godkjent av Veterinærinstituttet.
- Vi meiner at vi har forhalde oss til avtalar med Mattilsynet, seier Sandanger.
Han opplyser at selskapet via advokat vil anke innan klagefristen 17. august.
Selskapet har også krevd utsett iverksetting av vedtaket.
- Vi forventar at vi får medhald, seier han.
Ifølgje Brønnøysundregistra har selskapet 49 tilsette.
Frå og med 31. juli har Mattilsynet trekt tilbake av løyvet til mottak, slakting og produksjon av fiskevarer.
Ifølgje avisa meiner Mattilsynet at verksemda i fleire år hatt alvorlege brot på regelverket som skal hindre smittsomme fiskesjukdomar.
Etter ein inspeksjon 7. juli i år skal det mellom anna vorte avdekka omfattande manglar for behandling av avløpsvatn.
Stengd tre gongar
Fleire gongar er det avdekt brot på hygienekrava, og verksemda har frå juni 2015 vore steng tre gongar på grunn av dette.I ein tilsynsrapport vert det fastslått at anlegget ikkje er godkjent av Veterinærinstituttet.
Vil klage
Til NETT NO opplyser dagleg leiar Edgar Sandanger at ein er usamd i både vurdering og tiltak.- Vi meiner at vi har forhalde oss til avtalar med Mattilsynet, seier Sandanger.
Han opplyser at selskapet via advokat vil anke innan klagefristen 17. august.
Selskapet har også krevd utsett iverksetting av vedtaket.
- Vi forventar at vi får medhald, seier han.
Stor arbeidsplass
Sunsea vart etablert i 2008. Rekneskapstala for 2016 er ikkje klare, men i 2015 omsette selskapet for 64,4 millionar kroner og hadde eit resultat før skatt på minus 3,8 millionar kroner.Ifølgje Brønnøysundregistra har selskapet 49 tilsette.
Publisert: 03.08.2017 10:28
Sist oppdatert: 15.06.2021 10:30