Elisabeth wilmann friede andersen mattilsynet foto ogne optimar
VANLEG METODE: Ei kortvarig bad i vatn mellom 28 og 34 grader er blitt eit viktig verktøy for å halde parasitten lakselus i sjakk. Bekymringsmeldingar om korleis oppdrettsfisken reagerte på behandling med varmt vatn mot lakselus fekk Mattilsynet til å be Veterinærinstituttet og Havforskingsinstituttet til å vurdere metoden. Elisabeth Wilmann er direktør for avdeling fisk og sjømat og Friede Andersen (innfelt) er leiar for seksjon fiskehelse og fiskevelferd. Sommaren 2019 fortalde dei at oppdrettarane fekk har to år på seg for å skaffe grundigare dokumentasjon om fiskevelferdseffekten av metoden. Foto: Ogne Øyehaug/Optimar
Nytt

Mattilsynet vurderer ekstra tid

Elisabeth Wilmann i Mattilsynet lovar oppdrettsnæringa raskt svar på om avlusing med varmt vatn kan halde fram.

15.02.2021

Wilmann er direktør for avdeling fisk og sjømat i Mattilsynet, og rosar oppdrettarar, utstyrsleverandørar og fiskehelseaktørar i oppdrettsnæringa etter eit møte mellom næringa og Mattilsynet torsdag 11. februar.

Møtet handla om framtida til den viktigaste metoden oppdrettsnæringa har for å halde lakselus-bestanden i sjakk, å gi laksen eit kortvarig bad i vatn mellom 28 og 34 grader.

Les også: Held framleis tommelen ned for varmebehandling mot lus

- Det er tydeleg for meg at dei er opptatt av velferd og at dei jobbar for å forbetre metoden, seier Wilmann etter møtet.

Vil halde fram med varmtvassbehandling
Sommaren 2019 gav Mattilsynet oppdrettsnæringa to år på seg til å dokumenterer at metoden med å køyre laksen kjapt gjennom eit bad med vatn på mellom 28 og 34 grader kan nyttast på ein fiskevelferdsmessig forsvarleg måte.

No ønskjer næringa å kunne halde fram med varmtvassbehandlinga og arbeide vidare både med å utvikle metoden og kartlegge korleis den verkar inn på fisken.

Wilmann seier Mattilsynet fekk presentert observasjonar, systematisk kartlegging, vurderingar og forbetringar av metoden.

Lovar raskt svar
Wilmann seier Matttilsynet no vil vurdere innspela og informasjonen som blei lagt fram på møtet, og lovar tilbakemelding til næringa i løpet av våren.

Dei forskingsprosjekta som det er gitt løyve til kan uansett halde fram, det Mattilsynet skal vurdere er om oppdrettsnæringa kan halde fram og bruke varmtvassbehandling som avlusingsmetode også etter at to-årsfristen er gått ut.

Publisert: 15.02.2021 06:00

Sist oppdatert: 28.04.2021 09:50

Mer om