MDG stoette til Framstegspartiet
SKEPTISK: Equinor og partnarar har planar om å elektrifisere Oseberg-feltet med straum frå land. Det er MDG skeptisk til. 
Nytt

MDG-støtte til Framstegspartiet

Sluttar seg til skepsisen mot elektrifisering av sokkelen.

20.11.2020
NPK-NTB: Frp er kritiske til å strekke straumkablar frå land til oljeplattformer. No seier MDG (Miljøpartiet de grønne) at dei deler bekymringa.
Framstegspartiet vil skrote ideen om å forsyne oljeplattformer på norsk sokkel med straum frå land. Det er eit dyrt og uviss klimatiltak, meiner partiet etter å ha innhenta tal frå Olje- og energidepartementet.
No får Frp støtte frå MDG, stadfestar den energipolitiske talspersonen til partiet, Ask Ibsen Lindal.
– Frp har fleire gode poeng her. Det er gode grunnar til å vere skeptisk til elektrifiseringa av norsk sokkel slik den går føre seg i dag, seier han til .

Kostbart utbygging

Dei fleste oljeplattformene er i dag forsynte med eigne gasskraftverk. Elektrifisering vil erstatte gassen med vasskraft frå land. Men det er dyrt å strekke straumkablar frå land til langt ut i Nordsjøen. Equinor legg opp til investeringar på rundt 50 milliardar kroner innan 2030.
Elektrifiseringa vil gi lågare norske utslepp, men den globale effekten er uviss.
Gassen som elles ville vorte brukt på å drive gasskraftverka på plattformene, vil bli selt og dermed gi utslepp ein annan stad.

Dyrare straum

Planane vil òg krevje store mengder kraft.
Equinor reknar med eit behov for 10 til 12 terawattimar (TWh) meir straum i enn i dag.
Den totale norske kraftproduksjonen i fjor var til samanlikning på 134,5 TWh. Elektrifisering vil dermed kunne gi norske straumkundar dyrare straum.

Publisert: 20.11.2020 09:50

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:42