IKKJE BRUK FRÅ STORTINGET NTB NTB X Vdf WHL8 PUA 1
Samansetninga på Stortinget kan bli ganske annleis til hausten. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Nytt

MDG, Venstre og KrF under sperregrensa

På gjennomsnittsmålinga for mars endar MDG under sperregrensa for første gong sidan april 2019. Også Venstre og KrF held fram tilbakegangen.

NPK-NTB: Miljøpartiet Dei Grøne fekk i mars ei oppslutning på 3,6 prosent, ned frå 4,5 prosent i februar, viser eit gjennomsnitt av meiningsmålingane på Poll of polls. Nedgangen på 0,9 prosentpoeng er innanfor feilmarginen.

Partiet, som har landsmøte i helga, har sakte, men sikkert dalt på snittmålingane sidan rekordmålinga på 6,7 prosent i september 2019.

Høgre størst
Også for Venstre og KrF held ferda fram nedover. KrF får ei oppslutning på 3,1 prosent, ned 0,1 prosentpoeng frå februar, medan Venstre må nøye seg med 2,9 prosent, ned frå 3,2 i februar.

Derimot passerer Raudt sperregrensa med god margin og løftar seg frå 3,9 prosent i februar til 4,5 prosent i mars.

I den andre enden av skalaen tronar Høgre som største parti med 24 prosent oppslutning. Resultatet ligg likevel godt under snittet for februar, då partiet fekk 25,6 prosent.

Ap kryp opp
Arbeidarpartiet kryp derimot oppover frå 21,4 prosent i februar til 22,1 prosent i mars.

Senterpartiet står på staden kvil med 19,3 prosent oppslutning, medan SV løftar seg ørlite frå 7,4 til 7,7 prosent.

For Frp er den forventa effekten av at Sylvi Listhaug tek over som partileiar, førebels nokså beskjeden. Partiet endar på 9,7 prosent, opp 1,2 prosentpoeng frå februar. Resultatet er likevel langt unna oppslutninga på 15 prosent for eit drygt år sidan.

Mandat
Held trendane i målingane stikk, kan samansetninga på Stortinget bli temmeleg annleis til hausten. Venstre og KrF ligg an til å miste til saman tolv av 16 representantar, Frp mistar ni, medan Raudt aukar frå éin til åtte.

Dersom gjennomsnittsmåling for mars blir valresultatet i haust får Høgre, Krf, Venstre og Frp til saman 66 av 169 mandat i Stortinget. Sp og Arbeidarpartiet får 79, SV får 14.

Feilmarginen ligg på mellom 0,4 og 0,9 prosentpoeng. Den er størst for dei største partia.


Publisert: 26.03.2021 11:06

Sist oppdatert: 26.03.2021 11:53