Jogeir Romestrand pustar letta ut.
- Ja, det er ikkje ofte ein bør gjere noko slikt, for dette er ein høg risiko-sport. Men vi har heldigvis lukkast så langt.
I 2011 sette den tidlegare Odim-direktøren frå Ulsteinvik seg ned saman med den Houston-baserte investoren Bjarte Bruheim, Chris Boswell ( tidlegare toppsjef i PGS) og argentinaren Carlos Fernandez. Dei tre første har lang fartstid frå seismikkrelatert industri.
Resultatet vart etter kvart selskapet Eco-Stim Energy Solutions, som har spesialisert seg på brønnstimulering på land.
- Vi ville inn i ein vekstmarknad, i eit område vi kunne litt om frå før.
- Vi såg at oljeboring til sjøs var flatt og seismikk flatt eller nedovergåande. I staden såg vi på brønnstimulering for landbasert oljeservice, spesielt knytt til skiferolje- og gass.
- Her var det ein ny og veksande marknad, og vi satsa.
- Ja, og med Carlos med på laget var Argentina med sine enorme mengde med skiferolje- og gass eit naturleg satsingsområde.
- Samstundes har landet dårleg økonomi, og har rett og slett ikkje råd til å importere mykje olje og gass. Argentina må utvinne meir sjølve, seier Romestrand.
Han er sjølv styremedlem i selskapet Eco-Stim, som har hovedbase i Houston, Texas.
- Eg eig vel to-tre prosent, seier han.
Men han har også fått med seg ein del vener og tidlegare forretningspartnerarar frå Sunnmøre og Oslo.
- Mange var skeptiske til å investere. Det forstår eg, fordi dette prosjektet hadde høg risiko. Men rundt ti prosent av aksjane er på norske hender, og investorane har så langt gjort det bra.
I den første emisjonen var kursen på 3,3 US dollar, medan kursen før jul låg på fem dollar aksjen. Fredag gjekk derimot kursen rett opp, og slutta på 7,30 dollar, meir enn ei dobling på kort tid i ein periode då verdien på dei fleste oljeserviceselskap har stupt.
Den tidlegare utanriksministeren under Bill Clinton har samstundes sett tre av sine eigne folk inn i styret i Eco-Stim.
Jogeir Romestrand seier at denne investeringa er ei stor tillitserklæring.
- Dette investeringsselskapet ser på eit stort antal mulege investeringar årleg, men satsar normalt berre på to-tre av desse. Eitt av vala fall altså på oss.
- Vi har sett saman ein fullstendig pakke av utstyr og teknologi, men på ein slik måte at vi kan gjennomføre prosjekta meir effektivt i forhold til dei meir tradisjonelle løysingane.
- I tillegg har vi gjennom oppkjøp av eit selskap skaffa oss tilgang til tolking av seismikkdata, slik at vi klarer å tolke brønnen betre enn mange av konkurrentane, seier Romestrand.
- Amerikanarane har hatt ein tendens til å ukritisk stimulere heile brønnen. Gjennom vårt system stimulerer vi brønnen berre der vi har påvist olje eller gass.
- Vi gjer det på ein meir intelligent og miljøvenleg måte, seier Romestrand.
- I følgje analytikarar som følgjer selskapet ser ein for seg ei omsetning i 2015 på om lag 300 millionar norske kroner.
Romestrand opplyser at selskapet også ser mot Colombia, Mexico og Nord-Amerika.
- Alle aktørar merkar effekten av oljeprisfallet, men då vert det også større fokus på billegare og meir effektive løysingar. Her har vi ein fordel, seier han.
- Dette er sjølvsagt avhengig av mange faktorar.
- Men vi har store vekstplanar, seier Jogeir Romestrand.
- Ja, det er ikkje ofte ein bør gjere noko slikt, for dette er ein høg risiko-sport. Men vi har heldigvis lukkast så langt.
I 2011 sette den tidlegare Odim-direktøren frå Ulsteinvik seg ned saman med den Houston-baserte investoren Bjarte Bruheim, Chris Boswell ( tidlegare toppsjef i PGS) og argentinaren Carlos Fernandez. Dei tre første har lang fartstid frå seismikkrelatert industri.
Resultatet vart etter kvart selskapet Eco-Stim Energy Solutions, som har spesialisert seg på brønnstimulering på land.
Ville inn i vekstmarknad
Etter kvart kom Bobby Chapman med,. Han har lang fartstid frå mellom anna Halliburton.- Vi ville inn i ein vekstmarknad, i eit område vi kunne litt om frå før.
- Vi såg at oljeboring til sjøs var flatt og seismikk flatt eller nedovergåande. I staden såg vi på brønnstimulering for landbasert oljeservice, spesielt knytt til skiferolje- og gass.
- Her var det ein ny og veksande marknad, og vi satsa.
Argentina må utvinne meir
Romestrand seier at ein har lukkast i å setje saman eit svært så kompetent lag.- Ja, og med Carlos med på laget var Argentina med sine enorme mengde med skiferolje- og gass eit naturleg satsingsområde.
- Samstundes har landet dårleg økonomi, og har rett og slett ikkje råd til å importere mykje olje og gass. Argentina må utvinne meir sjølve, seier Romestrand.
Han er sjølv styremedlem i selskapet Eco-Stim, som har hovedbase i Houston, Texas.
Mange var skeptiske
Aksjane eig han gjennom sitt investeringsselskap Rome.- Eg eig vel to-tre prosent, seier han.
Men han har også fått med seg ein del vener og tidlegare forretningspartnerarar frå Sunnmøre og Oslo.
- Mange var skeptiske til å investere. Det forstår eg, fordi dette prosjektet hadde høg risiko. Men rundt ti prosent av aksjane er på norske hender, og investorane har så langt gjort det bra.
I den første emisjonen var kursen på 3,3 US dollar, medan kursen før jul låg på fem dollar aksjen. Fredag gjekk derimot kursen rett opp, og slutta på 7,30 dollar, meir enn ei dobling på kort tid i ein periode då verdien på dei fleste oljeserviceselskap har stupt.
Tillitserklæring frå Albright
Selskapet er notert på børsen i New York for små selskap. Ved børsintroduksjonen vart det henta inn rundt 200 millionar kroner i ein kombinasjon av lån og eigenkapital. Selskapet som viste størst interesse for EcoStim var Albright Capital Management LCC, Madeleine Albright sitt eige investeringsselskap.Den tidlegare utanriksministeren under Bill Clinton har samstundes sett tre av sine eigne folk inn i styret i Eco-Stim.
Jogeir Romestrand seier at denne investeringa er ei stor tillitserklæring.
- Dette investeringsselskapet ser på eit stort antal mulege investeringar årleg, men satsar normalt berre på to-tre av desse. Eitt av vala fall altså på oss.
Marknad på 300 milliardar
Eco-Stim har store konkurrentar som Schlumberger, Halliburton og Baker Hughes, men har utvikla løysingar som gjer at selskapet skil seg ut i marknaden – ein marknad som er rekna å vere på rundt 300 milliardar kroner årleg, og som er sterkt veksande.- Vi har sett saman ein fullstendig pakke av utstyr og teknologi, men på ein slik måte at vi kan gjennomføre prosjekta meir effektivt i forhold til dei meir tradisjonelle løysingane.
- I tillegg har vi gjennom oppkjøp av eit selskap skaffa oss tilgang til tolking av seismikkdata, slik at vi klarer å tolke brønnen betre enn mange av konkurrentane, seier Romestrand.
Intelligent brønnstimulering
Ein av nøklane her er at Eco-Stim sender fiber inn i brønnen, og dermed betre kan påvise kvar som er gass, kvar som er olje og kvar som er vatn.- Amerikanarane har hatt ein tendens til å ukritisk stimulere heile brønnen. Gjennom vårt system stimulerer vi brønnen berre der vi har påvist olje eller gass.
- Vi gjer det på ein meir intelligent og miljøvenleg måte, seier Romestrand.
300 millionar i 2015
Selskapet har sikra seg fleire større kontraktar i Argentina, mellom anna med selskapet Meranito, der Shell er medeigar. Også det argentinske statlege oljeselskapet YPF satsar på Eco-Stim.- I følgje analytikarar som følgjer selskapet ser ein for seg ei omsetning i 2015 på om lag 300 millionar norske kroner.
Romestrand opplyser at selskapet også ser mot Colombia, Mexico og Nord-Amerika.
- Alle aktørar merkar effekten av oljeprisfallet, men då vert det også større fokus på billegare og meir effektive løysingar. Her har vi ein fordel, seier han.
Nasdaq neste
I løpet av året er planen å børsnotere selskapet på Nasdaq-børsen.- Dette er sjølvsagt avhengig av mange faktorar.
- Men vi har store vekstplanar, seier Jogeir Romestrand.
Mange var skeptiske til å investere. Det forstår eg, fordi dette prosjektet hadde høg risiko
Publisert: 05.01.2015 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39






