Nytt
Medeigar i fusjonskandidat bak Axxis-kjøp
Det er seismikkselskapet Allton som ville slå seg saman med Axxis Geo Solutions, og ein Allton-aksjonær som blokkerer redningsplanen til styret i Axxis Geo Solutions.
01.02.2021
kven som blokkerer redningsplanen Axxis Geo Solutions-styret går inn for.
Styret i kriseråka Axxis Geo Solutions har tilrådd ei løysing der ei gruppe finansielle investorar, med blant andre Arne Fredly på laget, går inn med ny eigenkaptial i selskapet. Vilkåret er at store deler av gjelda blir ettergitt, og resten betalt ut i kontantar eller gjort om til aksjar.
Dagens eigarar, med Sævik-familiens selskapet Havila Holding som det største, vil eige under ein prosent av selskapet om styret sitt framlegg får gjennomslag.
Ifølgje Finansavisen er det Joakim Lehmkuhl, som på vegne av selskapet Lehmkuhl Invest, fortel at det har kjøpt seg opp til å eige 52,6 prosent i obligasjonslånet.
Lehmkuhl er også medeigar og styremedlem i Allton, som tidlegare forhandla om ei samanslåing med Axxis Geo Solutions.
Allton eig ingen obligasjonar og styreleiar Roar Tessen i Allton skriv i ein e-post til avisa at han ikkje har vore involvert i kjøp av obligasjonar.
Styret i Axxis Geo Solutions har varsla at selskapet vil søkje om offentlege gjeldsforhandlingar dersom selskapet mislukkast i å få til ei frilvillig refinansiering.
Styret i kriseråka Axxis Geo Solutions har tilrådd ei løysing der ei gruppe finansielle investorar, med blant andre Arne Fredly på laget, går inn med ny eigenkaptial i selskapet. Vilkåret er at store deler av gjelda blir ettergitt, og resten betalt ut i kontantar eller gjort om til aksjar.
Dagens eigarar, med Sævik-familiens selskapet Havila Holding som det største, vil eige under ein prosent av selskapet om styret sitt framlegg får gjennomslag.
Samanslåing
I førre veke melde Axxis Geo Solutions at ein av obligasjonslångivarane har sagt nei til styret sitt framlegg til refinansiering.Ifølgje Finansavisen er det Joakim Lehmkuhl, som på vegne av selskapet Lehmkuhl Invest, fortel at det har kjøpt seg opp til å eige 52,6 prosent i obligasjonslånet.
Lehmkuhl er også medeigar og styremedlem i Allton, som tidlegare forhandla om ei samanslåing med Axxis Geo Solutions.
Avviser innsideposisjon
Axxis Geo Solutions meiner oppkjøpet av obligasjonane skjedde medan Allton var bunden av ein innsideavtale, noko Allton avviser i ein e-post til avisa.Allton eig ingen obligasjonar og styreleiar Roar Tessen i Allton skriv i ein e-post til avisa at han ikkje har vore involvert i kjøp av obligasjonar.
Styret i Axxis Geo Solutions har varsla at selskapet vil søkje om offentlege gjeldsforhandlingar dersom selskapet mislukkast i å få til ei frilvillig refinansiering.
Publisert: 01.02.2021 10:48
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:14