Samferdsleminister Knut Arild Hareid (KrF) har svart på eit skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) om Stad skipstunnel.
Han påpeikar at det ikkje er heile prosjektet som no skal ut på ny kvalitetssikring – men berre dei delane som Kystverket tok føre seg i sin siste rapport.
– Eg vil påpeike at nemnte oppdatering berre omfattar dei delane av prosjektet som er endra sidan 2018, og ikkje er å forstå som ein ny kvalitetssikring av heile prosjektet, legg han til.
Klinge er mellom dei som stiller spørsmål ved kvifor Hareide- som tidlegare har uttalt at skipstunnelen bør byggjast – ikkje no vil sørge for å starte bygginga. Ho meiner ei ny kvalitetssikring legg opp til nye rundar.
Maritimt Forum Nordvest og Mafoss har også og meiner handteringa minner om ei bevisst trenering.
Fleire har meint at med frist for kvalitetssjekken i november, så blir det vanskeleg å få med prosjektet på neste års budsjett. Hareide understrekar likevel i sitt svar at regjeringa vil ta stilling til vidare oppfølging i samband med budsjettprosessen.
Han påpeikar at det ikkje er heile prosjektet som no skal ut på ny kvalitetssikring – men berre dei delane som Kystverket tok føre seg i sin siste rapport.
– Ikkje kvalitetssikring av heile prosjektet
– Denne utgreiinga fører med seg såpass store endringar i prosjektet at det er viktig å gjere ein slik oppdatering av kvalitetssikringsrapporten innanfor ramma av det gjeldande regimet for ordninga. Dette er viktig for å sikre at prosjektet kan gjennomførast utan ytterlegare utsetjingar, skriv Hareid i .– Eg vil påpeike at nemnte oppdatering berre omfattar dei delane av prosjektet som er endra sidan 2018, og ikkje er å forstå som ein ny kvalitetssikring av heile prosjektet, legg han til.
Fryktar nye rundar
Samferdsleprosjektet har vore gjennom kring tjue utgreiingar og ei avgjersle om byggestart har vore forseinka fleire gonger. Mange reagerte difor då det nyleg blei kjent at departementet hadde bestilt ei ny kvalitetssjekk som først skulle vere ferdig i november.Klinge er mellom dei som stiller spørsmål ved kvifor Hareide- som tidlegare har uttalt at skipstunnelen bør byggjast – ikkje no vil sørge for å starte bygginga. Ho meiner ei ny kvalitetssikring legg opp til nye rundar.
Maritimt Forum Nordvest og Mafoss har også og meiner handteringa minner om ei bevisst trenering.
Fleire har meint at med frist for kvalitetssjekken i november, så blir det vanskeleg å få med prosjektet på neste års budsjett. Hareide understrekar likevel i sitt svar at regjeringa vil ta stilling til vidare oppfølging i samband med budsjettprosessen.
Publisert: 26.06.2020 12:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59