Meiner kutta var noedvendige trass kjempeoverskot
VIL IKKJE GJERE OM: Fylkesordførar Tove-Lise Torve (Ap) meiner komande økonomiske utfordringar for fylkeskommunen er så store, at innsparingane før jul var nødvendige. 
Nytt

Meiner kutta var nødvendige – trass kjempeoverskot

Fylkesordførar Tove-Lise Torve meiner utfordringane til Møre og Romsdal dei neste åra er så store, at ho ikkje vil reversere skulekutt. 

Marius Rosbach
27.02.2020
Fylkesordføraren gir uttrykk for at ho ikkje vil bli med på Frank Sve (Frp) sitt forslag om å reversere skulekutta – eller auken i ferjetakstane.
Etter at det er kome fram at fylkeskommunen fekk eit overskot på 313 millionar har også Norsk Lektorlag, teke til orde for å gjere om på vedtaket i årets budsjett.
Sve – og at politikarane utsette søknadsfristen, slik at fleire yrkeslinjer kan startast opp att frå hausten.

– Likevel eit godt tilbod

Saman med dei andre samarbeidspartia, har Torve fleirtal i fylkestinget , og vil ikkje vere med på Sve sitt opplegg.
– Mi meining er at kutta i linjetilboda var nødvendig mellom anna på grunn av nedgang i elevtal og kutt i rammene i statsbudsjettet, nettopp grunna av nedgangen i elevtalet. Sjølv om nokre linjer avviklast frå hausten 2020 er det likevel eit godt tilbod elevane kan velje i og søke på. Fleire av dei aktuelle linjene har over år hatt få søkarar, og vore svært dyre i drift, skriv Torve i ein sms til NETT NO.
Til dømes YSK/TAF-linja ved Ulstein vidaregåande har hatt høge søkartal dei siste åra, men blei likevel lagt ned.
Også i Fræna, Kristiansund blei det fjerna yrkeslinjer gjennom vedtaket i fylkestinget i fjor, og Vanylven-avdelinga ved Herøy vidaregåande blei lagt ned.

Les også:


Synspunkt:


Tunnelsikring og overtaking av hamner

Fylkesordføraren meiner overskotet vil kome godt med mellom anna for å innfri arbeidet med å sikre kring 30 tunnelar i fylket forskriftsmessig innan 2024.
– I dag har eg vore på møte i samferdselsdepartementet der vi fekk vite at fylkeskommunane må ta over alle dei statlege fiskerihamnene i fylket – i alt 62 hamner. Til dette får vi berre 10 millionar årleg. Det er krise, meiner Torve.
Ho fortel at hamnene er i dårleg stand og at vedlikehaldet er berekna til meir enn 100 millionar.

Nordøyveg-finansiering i fare

Etterslepet på fylkesvegane – og aukande utgifter til Nordøyvegen dei komande åra, er andre kostnader som vil tynge fylkesøkonomien i åra framover.
– Et anna moment er også usikkerheita rundt finansieringa av hurtigbåtane. I verste fall kan vi miste rundt 800 millionar, som er ein vesentleg del av finansieringa av Nordøyvegen, fortel Torve.
NETT NO hadde onsdag ettermiddag ikkje fått svar på fleire oppfølgingsspørsmål om saka.

Kring 200 millionar meir enn venta

Fylkesadministrasjonen har opplyst at dei styrte mot eit overskott på kring 35 millionar.
Driftsresultatet for fylkeskommunen i fjor på 313 millionar, er kring 200 millionar kroner meir enn venta.
Delar av skilnaden kjem av tunnelsikringsmidlar på 60 millionar, som kom seint på året. I tillegg blei skatteinngangen blei betre enn det var lagt opp til.

Les meir:




Publisert: 27.02.2020 12:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53