Ferske tal frå Eigedom Norge onsdag viser uendra bustadprisar i oktober i Ålesund og omlandet. Samanlikna med resten av landet er det svakast i landet saman med Tromsø.
Distriktet hadde samtidig den månaden før, med ei prisstigning betydeleg over normalen. Regionleiar Andre Nakken i Notar på Sunnmøre meiner tala viser at marknaden er sunn og velfungerande.
– Bustadmarknaden lokalt har verkeleg vist musklar det siste året. Ein prisvekst på 7,4 prosent er mykje meir enn vi har hatt dei siste åra, seier Nakken til NETT NO.
Utviklinga i haust har vore utypisk for sesongen og Eiendom Norge påpeiker at det er ein global trend som følgje av koronapandemien.
Oslo har hatt den kraftigaste prisveksten av dei største byane med ein oppgang på 9,5 prosent, medan Stavanger og omland har den svakaste med ein oppgang på 4,2 prosent.
– Det er mi erfaring når vi kjem til nye prisnivå. Grafane viser at prisane dei siste fem åra, med unntak av sesongvariasjonane, har gått skrått oppover heile vegen, fortel han - og legg til at det historisk har kome ein korreksjon i prisane kvart 6-7 år.
Han påpeiker at ein snittpris på 32.000 kroner per kvadratmeter i Ålesund-distriktet, uansett ikkje bør vere avskrekkande.
– Det ligg langt under gjennomsnittet for landet, seier han.
Det ligg på kring 44.500 per kvadratmeter. Høgst er prisane i Oslo med drygt 79.000 kroner per kvadrat – medan Kristiansand er mellom dei lågaste med drygt 30.000, viser frå Eiendom Norge.
– Viss denne trenden held fram ut året, er sesongmønsteret i den norske bustadmarknaden, med stigane prisar i første halvår og minkande prisar i andre halvår, brote, sa administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge då han la fram tala, ifølgje NPK.
– Slik det ser ut no, vil bustadprisutviklinga i 2020 bli sterkare enn dei fleste spådde både ved inngangen til året og i kjølvatnet av koronapandemien i mars og april, la Lauridsen til.
I snitt tok det i oktober 46 dagar frå ein bustad vart lagt ut for sal til han vart seld. Det er to dagar raskare enn i september. Oslo hadde kortast salstid av dei store byane med 21 dagar, medan det tok lengst tid i Kristiansand med 66 dagar.
Distriktet hadde samtidig den månaden før, med ei prisstigning betydeleg over normalen. Regionleiar Andre Nakken i Notar på Sunnmøre meiner tala viser at marknaden er sunn og velfungerande.
«Mykje meir» enn dei siste åra
Prisveksten siste året for Ålesund og omlandet er på 7,4 prosent – litt høgare enn landssnittet på 7,1 prosent.– Bustadmarknaden lokalt har verkeleg vist musklar det siste året. Ein prisvekst på 7,4 prosent er mykje meir enn vi har hatt dei siste åra, seier Nakken til NETT NO.
Utviklinga i haust har vore utypisk for sesongen og Eiendom Norge påpeiker at det er ein global trend som følgje av koronapandemien.
Oslo har hatt den kraftigaste prisveksten av dei største byane med ein oppgang på 9,5 prosent, medan Stavanger og omland har den svakaste med ein oppgang på 4,2 prosent.
Under halve kvm-prisen av Oslo
Nakken i Notar på Sunnmøre trur prisane vil halde seg.– Det er mi erfaring når vi kjem til nye prisnivå. Grafane viser at prisane dei siste fem åra, med unntak av sesongvariasjonane, har gått skrått oppover heile vegen, fortel han - og legg til at det historisk har kome ein korreksjon i prisane kvart 6-7 år.
Han påpeiker at ein snittpris på 32.000 kroner per kvadratmeter i Ålesund-distriktet, uansett ikkje bør vere avskrekkande.
– Det ligg langt under gjennomsnittet for landet, seier han.
Det ligg på kring 44.500 per kvadratmeter. Høgst er prisane i Oslo med drygt 79.000 kroner per kvadrat – medan Kristiansand er mellom dei lågaste med drygt 30.000, viser frå Eiendom Norge.
Bryt med trenden
På landsbasis steig bustadprisane med 1,1 prosent i oktober, korrigert for sesongvariasjonar. At bustadprisane held fram med å stige i oktober, er unormalt for denne tida av året.– Viss denne trenden held fram ut året, er sesongmønsteret i den norske bustadmarknaden, med stigane prisar i første halvår og minkande prisar i andre halvår, brote, sa administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge då han la fram tala, ifølgje NPK.
– Slik det ser ut no, vil bustadprisutviklinga i 2020 bli sterkare enn dei fleste spådde både ved inngangen til året og i kjølvatnet av koronapandemien i mars og april, la Lauridsen til.
Auka sal
I oktober vart det selt 10.045 bustader i Noreg, noko som er 9,4 prosent fleire enn i tilsvarande månad i 2019. Så langt i år er det selt 87.493 bustader i Noreg, noko som er 5,5 prosent fleire enn på same tid i 2019.I snitt tok det i oktober 46 dagar frå ein bustad vart lagt ut for sal til han vart seld. Det er to dagar raskare enn i september. Oslo hadde kortast salstid av dei store byane med 21 dagar, medan det tok lengst tid i Kristiansand med 66 dagar.
Les også:
Ein prisvekst på 7,4 prosent er mykje meir enn vi har hatt dei siste åra
Publisert: 04.11.2020 13:01
Sist oppdatert: 07.04.2021 18:59