Meiner nyskaping er game changer
NYVINNING: Pumpa nyttar under- og overtrykk for å transportere fisken gjennom systemet, fortel Roy Glomset som leiar forskings- og utviklingsarbeidet i MMC First Process. 
Nytt

Meiner nyskaping er «game changer»

MMC First Process fortel at dei blei overraska over resultata dei fekk med ei nytt pumpesystem for fiskehandtering.

Marius Rosbach
07.12.2020
Fiskeutstyrsprodusenten MMC First Process lanserer eit nytt pumpesystem omtala som «Rid Fish Pump». I staden for at det er ventiler eller andre objekt inne i pumpa som kan skade fisken, nyttar dei trykkendringar for å suge fisken gjennom systemet.
Det skjer ei jamn endring i pumpa frå undertrykk til overtrykk i løpet av 20-35 sekunder, som bidreg til at fisken blir handtert forsiktig, ifølgje ei pressemelding frå selskapet.
Systemet er levert til den pelagiske industrien. Det har gitt erfaringar som har gjort at dei kunne videreutvikle pumpa, slik at den no også er i stand til å handtere større levande fisk.

– Ser stort potensiale

MMC First Process meiner den nye pumpa vil vere eit godt supplement til dei andre systema deira. Selskapet som har opplevd kraftig vekst dei siste åra, tek sikte på at nyskapinga kan vere med å gi ny auke.
– Vi ser føre oss eit stort potensiale der ein ønsker å flytte fisk på mest mogleg skånsamt vis for å oppnå best mogleg kvalitet på sluttproduktet. Anten det gjeld bløggebåtar, transport av smolt, eller pre-smolt, eller som ei erstatning for transportøren inn til eit slakteri, fortel Røy Glomset som leiar forskings- og utviklingsarbeidet i MMC First Process.
I fjor noko som var ny rekord med god margin. Dei fekk også eit solid overskot.

Samarbeid med Sintef og Møreforsking

Det har vore jobba mykje i industrien med ulik teknologi som skal behandle fisken varsamt, for å redusere tap som følgje av skader eller stress.
MMC First Process opplyser at dei har jobba med si patenterte løysing i fleire år. Dei har hatt med Sintef Ocean og Møreforsking i arbeidet og testar i sommar og i haust har gitt resultat som har vore ei positiv overrasking, ifølgje selskapet.
Glomset fortel at ein rapport frå Møreforsking viser eit stressnivå hos fisken som er langt under anbefalte verdiar. Han påpeiker at det har vore viktig å ha fagekspertisen frå forskarane tilgjengeleg i nærmiljøet undervegs.

Les også:




Publisert: 07.12.2020 14:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:07