Meiner regjeringa si linje har foert til uvisse
VIL HA LENGRE ORDNING: Frps Sylvi Listhaug vil ha utvida permisjonsordninga til 1. oktober. Førebels har regjeringa gått med på ei forlenging til 1. juli. 
Nytt

Meiner regjeringa si linje har ført til uvisse

Opposisjonen og bransjeorganisasjonar er nøgd med ei utviding av permisjonsordninga, men Sylvi Listhaug (Frp) er ikkje nøgd med måten det skjer på.

Marius Rosbach
11.01.2021
(NPK-NTB-NETT.NO-Anne Marjatta Gøystdal): Måndag fortalde arbeids- og sosialminister Henrik Asheim (H) til at regjeringa likevel går inn for ei forlenging av permisjonstida, etter at statsministeren kvelden i forvegen gjekk i mot ei slik endring.
Det er godt nytt for -hotellet, og mange andre som stod i fare for å bli oppsagt i løpet av kort tid.
Hotell og serveringsbransjen er ramma hardt av dei nye smitteverntiltaka og rundt 61.000 nordmenn er heilt eller delvis permitterte som følgje av koronapandemien. Sist sommar vart permitteringsperioden utvida frå eit halvt år til eitt år (26 til 52 veker). Over halvparten av dei permitterte nærma seg eittårsgrensa og risikerte dermed å bli sagt opp.
Forslaget om å forlenge perioden til 1. juli var ikkje overraskande, ettersom det i løpet av helga blei klart at det var fleirtal på Stortinget for gjere perioden lengre. Kravet frå bransjen har vore at den skulle bli endå lengre – til over sommaren.

Meiner statsministeren opptrer arrogant

Frp-nestleiar Sylvi Listhaug seier avgjerda er eit steg i riktig retning, men at Frp helst skulle sett at ordninga blir utvida til 1. oktober. Ho går langt i å seie at regjeringa har snudd etter press frå opposisjonen.
– Når dei ser at fleirtalet på Stortinget ønskjer utviding, så må dei jo berre følgje opp det, seier Listhaug til NPK.
Frp-nestleiaren meiner linja til regjeringa har ført til uvisse.
– Erna Solberg har litt arrogant sagt at permitterte må søkje på jobbar. Men når så mange bransjar slit, er det ikkje mykje å søkje på, seier Listhaug.

Frustrasjon og uro blant tilsette

Klubbleiaren ved Ålesund-hotellet fortalde til NETT NO før nyheita blei kjent, at det har vore over at regjeringa har brukt lang tid før forslaget kom på bordet.
I løpet av kort tid, venta mange av dei å få første beskjed frå NAV om at permisjonstida gjekk mot slutten. Melsæther er overtydd om at det ville ført til ei skred av oppseiingar i bransjen.
Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum er òg fornøgd med forlenginga, men seier det òg er viktig at permitterte får behalde auka kompensasjonsgrad på 80 prosent, noko som førebels er uvisst.

Meiner det er fare for innlåsing av arbeidskraft

Spørsmålet om regjeringa har endra linje for å unngå å bli overkøyrd i Stortinget, blir avvist av arbeids- og sosialministeren. Regjeringa har heile tida sagt at ho vil justere ordninga ut frå behova ho ser, understrekar Asheim.
Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) legg til på NRKs Politisk kvarter at regjeringa lenge har signalisert at det kunne komme ei forlenging, men at ein må balansere omsynet til dei permitterte opp mot risikoen for at dei blir låste inn i ei ordning der det er vanskelegare å komme tilbake i arbeidslivet igjen.
– I politikken er det sjeldan heilt svarte og heilt kvite løysingar, seier Ropstad.

Parat: – Klokt

Arbeidslivsorganisasjonar er godt fornøgd med at permitteringsordninga blir utvida. Ei klok avgjerd, meiner Parat.
– Utan ei forlenging av permitteringsperioden ville verksemdene måtta seie opp alle permitterte dei næraste månadene. Det gir inga meining no som vaksinen er her, seier Parat-leiar Unn Kristin Olsen.
YS meiner det vil ta lang tid før vi kjem tilbake til ein normaltilstand. YS-leiar Erik Kollerud seier han lenge har vore bekymra for at dei særskilde koronatiltaka for arbeidslivet blir avvikla for tidleg, og at forlenginga vil bidra til å redde levedyktige arbeidsplassar.

Virke ber regjeringa gjere meir

Bransjeorganisasjonen Virke er òg tilfreds, men ber regjeringa gjere meir. Virke etterlyser moglegheita for å ta inn kompensasjon for tap av varelager og lønnskostnader for permitterte tilsette i kompensasjonsordninga, og dessutan vidareføre og justere lønnsstøtteordninga.
– Det vil hjelpe verksemdene gjennom siste fase fram til vi har fått vaksinert befolkninga og er avgjerande for å halde folk i arbeid, seier administrerande direktør Ivar Horneland Kristensen.

Les også:





 Erna Solberg har litt arrogant sagt at permitterte må søkje på jobbar. Men når så mange bransjar slit, er det ikkje mykje å søkje på

Publisert: 11.01.2021 12:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:11