Meir av moebelsalet skjer i utlandet
SATSAR VIDARE: Administrerande direktør sjef Bjørn-Helge Vik i Slettvoll satsar på at skandinavar framleis vil ha møblar frå Stranda i framtida. Til saman sysselsette konsernet 130 årsverk ved utløpet av 2019.
Nytt

Meir av møbelsalet skjer i utlandet

God auke for Slettvoll Møbler i Sverige, medan salet i Norge gjekk ned i fjor.  

Marius Rosbach
04.08.2020
Omsetninga for Slettvoll Møbler-konsernet enda i fjor på nivå med 2018. Årsberetninga viser at mindre av salet skjer i Norge og meir av salet skjer via butikkane i Sverige og Danmark.
Seinast i fjor haust opna Slettvoll sin første butikk i Danmark – på Oslo Plads i København. Frå før har dei butikkar i Stockholm, Gøteborg og Malmø.

Auka 14 prosent i utlandet

Ein oversikt over salstala frå konsernrekneskapen for de ulike landa viser at omsetninga i Norge gjekk ned frå 237 til 230 millionar kroner i fjor. Mellom anna gjekk omsetninga i Ålesund-butikken ned frå 16 til 12 millionar kroner.
I Sverige auka omsetninga frå 46 til knappe 55 millionar, medan Danmark noterte seg med 2,1 millionar kroner. Salet til andre land gjekk ned frå 7,5 til 5,5 millionar.
Samla utgjorde auken i utlandssalet 14 prosent i fjor. Slettvoll-sjef Bjørn-Helge Vik har at det er i Danmark og Sverige dei ventar største vekst framover.
Dei jobbar framleis med nye prosjekt for å tilpasse seg nye handlevanar og trendar i marknaden. Samtidig gjer koronapandemien situasjonen usikker. I for konsernselskapet blir det påpeika at det kan gi lågare inntekter framover.

Les også:



Mager lønnsemd

Resultatet for konsernet viser framleis mager lønnsemd. Eit driftsresultat på 8,9 millionar av ei omsetning på 293 millionar, gir ein driftsmargin på drygt tre prosent.
Det er betydeleg lågare enn i åra fram til 2017, men på nivå med 2018. Bakgrunnen er mellom anna betydelege investeringar, og Vik har tidlegare fortald at dei ventar betre lønnsemd i 2020.
Takka vere betydelege finansinntekter endar resultat før skatt likevel på 13 millionar kroner (sjå tabell til høgre - under om du les på mobil). Konsernet sin eigenkapitaldel ved utgangen av 2019 var på solide 68 prosent.

Likevel rom for utbyte

Slettvoll Møbler AS står for produksjonen ved fabrikken på Stranda, medan sals- og marknadsføring gjerast frå Ålesund. I tillegg har Slettvoll butikkar i Oslo, Lillestrøm, Bærum, Trondheim – og Ålesund.
Slettvoll Møbler-selskapet har eit driftsresultat på 1,2 millionar, men også her sikrar betydelege finansinntekter eit langt betre resultat – på knappe 12 millionar før skatt, ifølgje .
Det gjorde at at det var grunnlag for å ta eit utbyte på 7 millionar, i tillegg til 4,5 millionar kroner frå konsernselskapet.

Les også:



Publisert: 04.08.2020 14:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00