Meir broed mindre kaker
PERMITTERER I BUTIKK: Utsala til Valaker Bakeri og Konditori har permitterte og er stengt, eller har redusert opningstid. Liv-Anette Røren Valaker og Alf Røren har berre to permitterte i bakeriet i Søvika i Haram.
Nytt

Meir brød, mindre kaker

Fleire stengte utsal, permitteringar og eit klart fall i etterspørselen etter kaker er konsekvensen av koronatiltaka så langt for Valaker Bakeri og Konditori.

26.03.2020
2020 starta med ein markert vekst for Valaker Bakeri og Konditori sine ti utsal på Sunnmøre, mellom anna takk vere ei auka satsing og tettare oppfølging av utsala.
No har selskapet omlag 30 heil- eller delvis permitterte. Dei seks utsala som har ope har reduserte opningstid og har berre eitt skift.
- Etter regn kjem det sol, med det er klart dette er ein prøvelse, seier Liv Anette Valaker Røren i Valaker Bakeri og Konditori.

Opnar på Digernesskiftet

Til hausten opnar Valaker Bakeri og Konditori nytt utsal på Digernesskiftet. Innan vi kjem så langt håpar Valaker Røren at koronaepidemien er lagt bak oss.
Saman med ektefellen Alf Røren og broren Rune Valaker eig ho Valaker Bakeri og Konditori og like under 50 prosent av Goman Nordvest (tidlegare Goman Valaker).
Dei to selskapa deler produksjonslokale i Søvika i Haram, der både brød og konditorvarer blir produsert. I Søvika er berre to permitterte, i avdelinga for kondidtorvarer - og etterspørselen etter brød har gått litt opp.

Størst på Nordvestlandet

Valaker Bakeri og Konditori og Goman Nordvest er i dag til saman storaktør i bakeri/konditorbransjen på Sunnmøre.
Til saman hadde selskap 150 millionar kroner i driftsinntekter i 2018 og har om lag 110 tilsette i fabrikk og butikkar.

2019-tala for Valaker Bakeri og Konditori viser eit år omlag på line med 2018 (Sjå tabell til høgre - under om du les på mobil).

Publisert: 26.03.2020 06:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54