Alberto Maestrini Vard Langsten Foto Marius Rosbach
VEKST: Vard-sjef Alberto Maestrini leverte den største veksten i ordreinngang i Fincatierikonsernet i fjor. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Meir enn dobla ordreinngang for Vard-verfta

Skal levere 30 fartøy innan 2026. Nytt minus i fjor.

07.03.2024

Ordreinngangen til Vard-verfta auka frå 837 millionar euro i 2022 til 1801 millionar euro i 2023.

Det svarar til tre firedelar av auken i ordreinngangen som Vard-eigaren, det italienske Fincantieri-konsernet, hadde i fjor.

Forretningsområdet offshore og spesialskip er ei reindyrka Vard-verksemd,. Det omfattar alt frå fiskebåtar og marinefartøy, til offshorefartøy og vindkraftindustrien.

Vard byggjer også mindre cruiseskip, men på grunn av ordretørken i cruisemarknaden, er det forretningsområdet offshore og spesialskip som sto for både ordreinngang og resultat til Vard-verfta i 2023.

Forretningsområdet skipsbygging omfattar både Vard-verft og Fincantieri-verft.

Auka lønsemd, men minus
Både driftsinntekter og lønsemd auka for forretningsområdet offshore og spesialskip i fjor (sjå tabell under).

Fincantieri oppgir ikkje meir enn driftsresultatet før av- og nedskriving (ebitda) for kvart forretningsområde.

Også konsernet samla sett auka lønsemda frå 2022 til i fjor, men som det går fram av tabellen vart også 2023 eit minusår for Fincantieri.

Les børsmelding frå Fincantieri her

Fleire folk
Berre i løpet av desember hala Vard i land tre milliardkontraktar, og har signert ytterlegare kontraktar i år.

Det er kabelleggarar og skip til vindkraftbransjen det handlar om. og Vard treng fleire folk for å få arbeidet unna.

– I tillegg til rekrutteringa vi gjorde i 2023, må vi tilsette nærare 150 nye medarbeidarar i Noreg i løpet av 2024. Vi treng både produksjonsarbeidar og ingeniørar i alle selskapa våre; Vard Electro, Vard Interiors, Seaonics, Vard Design, og på de tre verftene våre, sa Vard-sjef Alberto Maestrini i ei pressemelding i slutten av januar i år.

Fincantieri-konsernet
Pr. 4. kvartal. i mill. Euro20232022
Driftsinntekt76517440
Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda)397221
Resultat etter skatt-53-324
Forretningsområde skipsbygging
Per 4. kvartal. i mill. Euro20232022
Driftsinntekt61296373
Driftsresultat før av- og nedskriving (ebtida)367340
Forretningsområde offshore og spesialskip*
Per 4. kvartal. i mill. Euro20232022
Driftsinntekt1070751
Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda)5222
* Frå og med 2023 er Vard-verfta i Romania rekna inn i dette forretningsområdet.

Publisert: 07.03.2024 18:55

Sist oppdatert: 07.03.2024 19:29

Mer om