Brasseri Posten foto Brasseri Posten
UTVIDAR: Brasseri Posten ligg ved ferjekaia, like ved dei gamle nausta i Geiranger. Frå og med i år har eigarane utvida med to nye serveringsstadar i Geiranger. Foto: Brasseri Posten
Nytt

Meir enn dobling på fire år

Brasseri Posten-eigarane aukar satsinga i Geiranger.

04.04.2025

Serveringstaden Brasseri Posten like ved ferjekaia i Geiranger har gått med overskot kvart år sidan 2014, to år etter selskapet blei skipa. 

I fjor passerte selskapet 15 millionar kroner i driftsinntekt, som er meir enn det doble av inntekta i 2020, då koronapandemien råka reiselivsnæringa. 2020 er også det einast året inntekta var lågare enn året før. 

Dagleg leiar Kenneth Løken og styreleiar Malin Marok er hovudaksjonærane i Brasseri Posten. 

Kjøpte Olebuda
I år kjem Brasseri Posten-eigarane også til vekse gjennom oppkjøp.

Tidlegare i år kjøpte dei selskapet Olebuda som omfattar Olebuda Restaurant og Café Olé i Geiranger sentrum.

– Olebuda er ein viktig del av serveringstilbodet i Geiranger, og vi ser fram til å føre drifta vidare og utvikle staden vidare på vår måte, samstundes som vi tek vare på det gode konseptet som allereie er bygd opp, sa Kenneth Løken til avisa Nyss i februar i år.

Løken seier til NettNo av Olebuda-selskapet hadde omlag åtte millionar kroner i driftsinntekt i fjor. Målet er å auke den.

Brasseri Posten as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt15,012,1
Driftsresultat0,60,1
Resultat før skatt0,50,1

Publisert: 04.04.2025 11:18

Sist oppdatert: 04.04.2025 11:18

Mer om