Det er meir fart i helsekostmarknaden som er forklaringa på inntektsauken, ifølgje ei oppdatering frå selskapet om status per 3. kvartal i år. (sjå også tabell)
Selskapet ventar at veksten vil halde fram og at driftsinntekta i år vil bli 60-70 prosent høgare enn i 2021. Då hadde selskapet 21,5 millionar kroner i driftsinntekt og eit resultat før skatt på minus 42,6 millionar kroner.
Helsekost og medisin
Arctic Bioscience har i fleire år produsert og seld helsekostprodukt basert på silderogn, og er i gang med ein større, internasjonal test av eit legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis basert på silderogn.
Inntil selskapet eventuelt får psoriasisproduktet godkjent som legemiddel er det helsekostprodukta som er inntektskjelda.
| Arctic Bioscience as | ||
| Pr. 3. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
| Driftsinntekt | 23,9 | 16,8 |
| Driftsresultat før av- og nedskriving | -22,2 | -27,4 |
| Arctic Bioscience as | ||
| 3. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
| Driftsinntekt | 9,3 | 4,8 |
| Driftsresultat før av- og nedskriving | -7,8 | -7,4 |
Publisert: 31.10.2022 11:00
Sist oppdatert: 31.10.2022 10:54






