Meir koronasmitte på Hurtigruta
Smitte på skip i Antarktis.
NPK: Det er slått fast koronasmitte om bord på ekspedisjonsskipet «Maud», og fleire personar er frakta bort frå skipet. Samstundes aukar smitten på «Roald Amundsen».
MS «Maud» la til kai i Tromsø sentrum tysdag morgon. Fire passasjerar har testa positivt på covid-19 og dei er tekne til land saman med fire nærkontaktar, opplyser leiar ved koronasenteret i Tromsø, Per Harald Korsmo.
Det er sett i verk ekstra tiltak på skipet, i tråd med retningslinene til selskapet. Alle som har testa negativt har fått lov til å gå på land i Tromsø.
Seks smitta i Antarktis
I tillegg har smitten også auka på ekspedisjonsskipet «Roald Amundsen, som oppheld seg i Antarktis. Der har tre nye passasjerar testa positivt på covid-19. Dermed er det no totalt seks smitta på skipet, og der er også 11 nærkontaktar isolerte på skipet.
Pressevakt Øystein Knoph i Hurtigruten Expeditions seier til NRK Troms og Finnmark at dei i tråd med tilrådingar frå medisinske ekspertar gjer løpande vurderingar, men at sjøferda vil halde fram som planlagt.
Publisert: 04.01.2022 15:13
Sist oppdatert: 04.01.2022 15:20